Avleveringar mottekne denne veka
Fræna kommune avleverte arkiv frå teknisk forvaltning, Molde kommune avleverte morsmapper frå Kleive omsorgssenter og Kristiansund kommune avleverte morsmapper frå Rokilde sykehjem, helsekort, klientarkiv frå overformynderiet og noko administrativt arkiv frå KSU. Alt materialet var ordna, listeført og etikettert før avlevering. Dette utgjer omlag 100 hyllemeter.