21.09.2022

Artikkel om FoU-prosjektet «Kvalitetssikring av digitisering i Digitalarkivet» i tidsskriftet Arkivråd

Arbeidsmøte ved NTNU i Gjøvik i mars 2022 saman med studentar ved IDI. F.v: Mikael Falkenberg Krog, Jakob Frantzvåg Karlsmoen, Martin Wighus Holtmoen og Ottar A.B Anderson. Foto: Ottar A.B Anderson, SEDAK
Framsida av Arkivråd 1/22

Fylkessenter for digitisering av kulturarven (SEDAK) ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKAMR) har dei siste par åra jobba med eit forprosjekt og eit pågåande hovudprosjekt, som har omfatta kvalitetssikring av digitisering i Digitalarkivet. Forprosjektet har gitt ei utgreiing av behovet for ei kvalitetssikring og hovudprosjektet har omfatta beskriving og utvikling av metode og verktøy for ei integrert automatisert kvalitetssikring av dei digitiserte arkivkjeldene publisert på Digitalarkivet.

Arkivverket ynskjer at Digitalarkivet inngår i eit økosystem og stimulerer derfor til å etablere nye løysingar og samanhengande tenester rundt Digitalarkivet. FoU-prosjekta har fått utviklingsmidlar frå Arkivverket over to søknadsperiodar; til forprosjektet og til hovudprosjektet.

Arbeidet er utført i samarbeid med fagmiljøet og studentar ved NTNU i Gjøvik, Colorlab og Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk, Institutt for datateknologi og informatikk (IDI), samt Institusjonsfotografenes Forening (IFF).

Funna våre tilseier at det er eit klart behov for kvalitetssikring av dei digitiserte/mediekonverterte arkivkjeldene som allereie er publisert på Digitalarkivet, men også for arkivkjelder som i framtida skal digitiserast/mediekonverterast og publiserast.

Jan Aakvik, nestleiar ved IKAMR, sit som representant i Digitalarkivets samarbeidsråd.

PDF-lenke til heile artikkelen i Norsk Arkivråds tidsskrift Arkivråd 1/22.

Eigen visningsmodul for samanlikning av kvalitet.

Tekst: Ottar A.B Anderson, IKAMR/SEDAK

Kategori
SEDAK