10.02.2020

Arkivverket godkjenner KDRS produksjonslinje

IT-arkivarar i arbeid. Foto: IKAMR

Arkivverket har i skriv 07.02.2020 godkjent at Noark 3-/Koark- og Noark 4-system kan bevarast gjennom KDRS produksjonslinje. Metoden nyttar SIARD tabelluttrekk av heile databasen og malsett for å ordne og beskrive uttrekket.

Arkivverkets godkjenning av KDRS produksjonslinje betyr at gamle avslutta Noark 3-/Koark- og Noark 4-system kan leverast inn og godkjennast av IKAMR depot utan at det er nødvendig å søke Riksarkivaren om godkjenning først.

Moderne Noark 5-system som er i produksjon eller nyleg avslutta, skal framleis leverast til IKAMR depot som Noark 5-uttrekk. Slike uttrekk er systemet pliktig til å kunne produsere i samhøve med Arkivverkets godkjenning.

IKAMR har hatt eit nært samarbeid med Arkivverket i mange prosjekt som er samla i KDRS produksjonslinje: DIAS norsk arkivpakkestruktur, Arkade 5 for test og pakking av arkivpakke, KDRS prosesser og rutiner for digitalt skapt arkivmateriale, KDRS produksjonslinje for bevaring og tilgjengeliggjøring. Under dette prosjekt for å lage malsett av dei 25 prioriterte og mest brukte systema og eit pågåande prosjekt til formidling av desse.

Kategori
Elektronisk arkiv
Kommune
Ålesund