Arkivutviklingsmidlar til IKAMR
Vi mottek 300 000 kroner til innovasjonsprosjektet «Kvalitetssikring av digitisering i Digitalarkivet», der målet er å implementere kvalitetssikring i Digitalarkivet. Det skal nyttast programvare for å klassifisere kvaliteten på innskanna materiale etter internasjonal standard, slik at ein ved publisering kan sjå om bildekvaliteten er eigna for til dømes teikninggjenkjenning eller gjenkjenning av handskrift.
Prosjektet skal greie ut og saman med bachelorstudentar ved NTNU i Gjøvik, ved Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk, forsøke å utvikle ein webbasert, automatisert kvalitetssikringsmodul og kople denne til Digitalarkivet si back-end løysing/portal «Arkivdigitalisering».
Modulen vil gi arkivsektoren og sluttbrukaren moglegheit til å samanlikne arkiv (datasett) for analyse og forsking på likt grunnlag (same kvalitetsnivå), uavhengig av kva for ein arkivinstitusjon som har digitisert/mediekonvertert materialet.
I tillegg vart vi tildelte 400 000 til privatarkivprosjektet «Å nøste i eit tekstilindustriarkiv», som er eit samarbeid med Tingvoll museum. Arkivet etter Tingvoll ullvarefabrikk og Tingvoll tekstilarbeiderforening skal ordnast, registrerast og tilgjengeleggjerast – mellom anna ved digitisering av ulike seriar i arkiva. Arkivlistene kjem på Arkivportalen og det digitiserte materialet kjem på Digitalarkivet. Vi er glade for at akkurat desse arkiva no vert bevarte og gjorde klare for bruk. Dei representerer ein viktig del av historia i Møre og Romsdal, både når det gjeld kvinnehistorie og tekstil- og konfeksjonshistorie, som er eit satsingsområde i noverande bevaringsplan for private arkiv i Møre og Romsdal.
Tusen takk for tildelinga!
Les meir om tildelingane på Arkivverket sine nettsider.
Tekst: Ottar Andre Breivik Anderson og Åsta Vadset