Arkivet etter Aalesund Sanitetsforening
I dag var rådgjevar for private arkiv, Åsta Vadset, på synfaring hjå Aalesund Sanitetsforening. Foreininga er ei av dei eldste i vårt fylke, stifta i 1898, berre 2 år etter at organisasjonen vart danna i Noreg. Arkivet består av møtebøker, medlemsbøker, rekneskap, korrespondanse og foto.
Aalesund Sanitetsforening har, slik alle andre sanitetsforeiningar, arbeidd for dei sakene som har vore påtrengande i deira lokalsamfunn til eikvar tid: skulebarnundersøkingar, barnepark, sjukehotell, sjukeheim - og Hjelpestasjonen for tuberkuløse i Nedre Strandgate (saman med Aalesund Tuberkuloseforening). Dei dreiv også Haukås tuberkuloseheim, på Sjøholt, i lag med kommunane på nordre Sunnmøre, og Kringsjå tuberkulosehjem på Sørneset.
Vi ser fram imot å få denne viktige dokumentasjonen inn til depot over nyttår.