13.12.2023

Alle privatarkiv ved IKAMR publiserte på Arkivportalen

1152 privatarkiv på Arkivportalen! Foto: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR

I forbindelse med revidering av bevaringsplanen for private arkiv i Møre og Romsdal har vi hatt ein gjennomgang av heile privatarkivbestanden ved IKAMR og publisert dei på arkivportalen.no.

Vi har registrert namn på arkiv, namn på arkivskapar, mengde målt i hyllemeter, ytterår på arkiva og geografisk tilhøyrsle. Desse opplysningane, i tillegg til hylleplassering i depot, har vi lagt i den interne databasen vår ASTA. Deretter er alt publisert til arkivportalen.no slik at publikum kan få tilgang til desse opplysningane og eventuelt be om innsyn.

Totalt er det publisert 1152 private arkiv. 214 av desse høyrer til i samlinga til Arbeiderbevegelsens Arkiv i Møre og Romsdal, 117 arkiv i samlinga til sanitetsforeiningane i Møre og Romsdal, andre arkiv tilhøyrer lag, organisasjonar og bedrifter som eksisterer i dag og ønsker at IKAMR forvaltar arkiva deira. Mesteparten av bestanden høyrer til i privatarkivordninga der 20 av eigarkommunane våre er medlemmar. Nokre arkiv er berre registrerte internt då arkiveigar ikkje ønsker å offentleggjere informasjonen. Til saman 800 hyllemeter.

Her finn de lenka til alle privatarkiva våre: arkivportalen.no.

https://www.arkivportalen.no/search/1?unitType=1000&repository=IKAM&contributorSector=P

På arkivpotalen.no er det elles mogleg å velje «Avansert søk», Enhetstype / Enhetsnivå: «Arkiv», Arkivinstitusjon: «IKA Møre og Romsdal», Kommune: «vel den aktuelle kommunen», Samfunnssektor: «privat». Dermed får ein ei oversikt over kva privatarkiv som er deponerte frå dei ulike kommunane i fylket vårt.

Oversikta vår viser ei mengd forskjellige typar arkiv, mange dessverre fragmenterte. Likevel er dei verdifulle kjelder til ulike emne innanfor historia til mange lokalsamfunn og menneske frå 1809 og fram til i dag.

Kategori
Privatarkiv