Aalesunds 100-årsjubileum - Musikk- og kantate-komiteen
I dag feirar Ålesund 175 år.
Den 13. april 1848 blei Ålesund godkjend som kjøpstad etter at lova om kjøpstadsrett blei sanksjonert av kongen. 100 år seinare skulle Ålesund feire sitt 100-års jubileum, og i anledninga blei det i 1946 vedtatt å sette ned ein musikk- og kantate-komite. Komiteen hadde som hovudoppgåve «å få ny kantate til 100-årsjubileet - både ord og musikk».
Medlemmar i komiteen var frå starten organist Edvin Solem, lektor Kristian Langlo og lektor Finn Havnevik. Sistnemnde flytta til Oslo hausten 1947 og vart då erstatta av Sigvard Gamlem. I tillegg vart komiteen forsterka hausten 1947 med ytterlegare tre personar; Res. kap Leif Dahle, Fru Sørheim Paulsen og kjøpmann Leiv Aasebø.
Komiteen starta arbeidet tvert. Dei lyste først ut konkurranse i avisene i landet om tekst til kantaten som skulle framførast under jubileumsfesten i april 1948. Førstepremien var på kr 1000,-. Det kom inn seks utkast til tekst og i utveljinga var alle utkasta anonymisert. Medlemmane i komiteen valde einstemmig den teksta som var merka «Cantabile». Då namnesetelen vart opna viste det seg at vinnarteksta var forfatta av Henrik Straumsheim, ein kjend diktar frå Ørsta.
Det som no skjer vidare skal vise seg å bli kontroversielt, også om vi ser det med dagens auge. Korleis gjekk det til at det var Edvin Solem, eit medlem av komiteen, som enda opp med å skrive musikken til teksta? Kva seier arkivet til musikk- og kantatekomiteen om dette? Vi startar med møteboka der det våren 1947 blir lyst ut innbyding til konkurranse om musikk til Straumsheims jubileumskantate. Norsk komponistforening ved Klaus Egge vart spurd, om dei hadde noko imot at Edvin Solem vart nemnd opp som jurymedlem, noko foreininga syntest var rimeleg. Premien vart sett til kr 2000,- og frist for innlevering var sett til 1. juli 1947.
Frå denne datoen skil dei lag, informasjonen som kjem fram i møteboka og informasjonen som kjem fram av korrespondansearkivet. Som arkivar legg ein raskt merke til at det ikkje har blitt halde møte i musikk- og kantatekomiteen mellom april og oktober 1947, noko som er rart sidan det var kort frist fram til jubileumskonserten og det tek tid å få komponert og øvd inn ein jubileumskantate. Kanskje har det ikkje blitt halde møte fordi lektor og sekretær i komiteen flytta til Oslo sommaren 1947. Ser ein derimot til korrespondansearkivet legg ein merke til at mykje har skjedd og blitt bestemt.
Den 20. februar 1948 skriv leiar i komiteen, Kristian Langlo, ein rapport om kva som skjedde til Klaus Egge i Norsk komponistforening. Han startar med å gjere greie for kva som skjedde den første tida etter at fristen for innsending av konkurranseutkast gjekk ut: «Da fristen for innsending av konkurranseutkast utløp, var det ikke kommet inn et eneste forslag; men herr Fliflet Bræin ringte flere ganger til formannen, og sa at han arbeidet med oppgaven. Formannen bad ham da gjøre musikken ferdig snarest mulig, og at det ellers var all right om den kom litt for seint». Det kom altså ikkje inn forslag til musikk før fristen gjekk ut, men i møtereferatet til musikk- og kantatekomiteen frå 2. oktober 1947 står det at det har kome inn eit utkast til musikk til Straumsheims tekst, som er merka «Vesterhavet». Vi kan lese mellom linjene at komposisjonen ikkje har falle i smak hos juryen, sjølv om dette ikkje står eksplisitt, for i neste sak foreslår Solem at ein vender seg til to andre komponistar og spør om dei kan ta på seg å sette musikk til teksta. Det finst dessverre ikkje dokumentasjon i korresponansearkivet på at det har blitt gjort, men i møterereferatet frå 7. oktober 1947 står det at begge komponistane har takka nei til å ta på seg oppgåva.
Dei vurderingane vi saknar i møteboka om komposisjonen til Edvard Fliflet Bræin finn vi derimot i korrespondansearkivet.
Først ut til å bedømme komposisjonen var organist Edvin Solem som i sitt skriv av 6. august 1947 til Finn Havnevik skreiv si vurdering av komposisjonen. Solem var ikkje nådig. Han startar skrivet sitt med å slå fast at «Det gikk som jeg fryktet. Noe betydelig verk er «Vesterhavet» ikke. Det får mig nærmest til å tro at det er en ungdom som gjerne vil prøve sig i et verk i de større former». Vidare skriv han «Der forekommer derfor av og til temmelig banale melodiske vendinger og deklamasjonen er ikke alltid uklanderlig, som t.eks når ordet Ålesund får vekten på sisste stavelse (cfr, Kr.sund)» Han avsluttar skrivet sitt med å konkludere over at han er skuffa over at det ikkje blei noko resultat av konkurransen og «vi må vel alle være enig om at noe umodent læregutt-verk kan ikke bli tale om ved Ålesunds 100 års jubileum».
Forfattar av teksta til kantaten, Henrik Straumsheim, har også gått gjennom musikken og konkluderer annleis enn Edvin Solem. Han meiner at «denne musikken er brukande» og at «somme parti er rett gode». Han meiner også at «komponisten i det store og heile har råka stemninga i teksten, både i takt og meldodiføring».
Edvin Solem og Henrik Straumsheim er altså ikkje samde om kvaliteten på musikken til kantaten.
Det neste daterte notatet/brevet er frå 14. august 1947. Ikkje veit vi kven som eventuelt er tenkt som mottakar, men vi veit at det er frå musikk- og kantate-komiteen. I dette notatet les vi at samtidig som komiteen fatta vedtak om å skrive ut konkurranse om musikk til Straumsheims kantate, «meldte Langlo og Havnevik fra til Organist Solem at i tilfelle konkurransen ikke fikk den tilslutning som venta, eller der ingen manuskripter kom, måtte Solem ta på seg å skrive en kantate. Ved utløpet av fristen var ingen manuskripter kommet in og Solem kunne ta til med sitt arbeid. Men noen dager etter, kom et utkast, Vesterhavet, til komiteen. Komposisjonen er brukbar til vårt formål, men da det nå blir seint å få utskrevet stemmene er der mye som må endres p.g.a orkesteret og korets sammensetning, vedtok komiteen flertall å la Solem fortsette arbeidet med sitt utkast». Vidare ser vi i brevet at det allereie i august blir foreslått at Solem får eit honorar på 1500 kroner for sin kantate. Dette er i strid med referata frå møteboka, der det først i møte 7. oktober 1947 blei bestemt å vende seg til Solem om å skrive musikken til Straumsheims tekst. Solem forlangte deretter ifølge møteboka frå 7. november 1947 eit honorar på 1500 kroner for sitt kantateutkast, noko som ble einstemmig godkjent.
Informasjonen som kjem fram i notatet er også i strid med det som blei rapportert til leiaren i Norsk komponistforbund den 20. februar 1948. Komiteen måtte i rapporten gjere greie for korleis ein som sat i juryen enda opp med å bli den som skreiv musikken til kantaten. Rapporten er skriven tre månader etter det daterte notatet/brevet frå 14. august 1948 og møtereferata frå komiteen. Kva har skjedd? Er det møteboka som fortel den rette historia? Eller er det korrespondansearkivet? Vi ser også av korrespondansen og møteboka at komiteen både har hatt møte og tatt avgjersler pr. telefon som ikkje har blitt dokumentert, men som blir kommentert i seinare korrespondanse.
Reaksjonane på at komiteen valde Edvin Solem som komponist til kantaten let ikkje vente på seg. Edvard Bræin skriv i brev til musikk- og kantate-komiteen datert 28. februar 1948 at han synest det heile verkar «høyst besynderlig». Han skriv vidare at han meiner at det «ikke er riktig at et jurymedlem i det hele tatt kommer i betraktning, selv om konkurransen er avgjort». Også Finn Halvorsen skriv til leiar av komiteen den 24. februar 1948 at Bræin har «mumla om uredelighet av nemnda med Solem som medlem, etc… og så var han fra krsund og det var så fælt i Ålesund». Norsk komponistforening med Klaus Egge i spissen skreiv derfor eit brev til komiteen der han slår fast at «Det gjør unektelig et pinlig inntrykk at vi her har for oss et tilfelle hvor en mann som er medlem av en jury selv kommer i betraktning» og han bad derfor komiteen om ei forklaring på kva som hadde ført til konkurranseresultatet.
Kristian Langlo gav, som vi har vore inne på tidlegare, eit fyldig svar til Norsk komponistforening den 20. februar 1948. Han skreiv altså ein rapport til Norsk komponistforening som held seg til referata frå møteboka. Han skriv at komiteen syntest det var mykje godt i musikken, men at den ikkje kunne anbefalast til framføring. Saka vart behandla fleire gongar, og ein kom stadig til same resultat. Vidare skriv Langlo at ein «Gjennom lektor Finn Havnevik (sekretær i nemnda), som var flyttet til Oslo, bad en Norsk Komponiskforening om å få oppnevnt en representant som kunne si sin mening om musikken,. I brev av 20/11.47 meldte han at N.K nevnte opp organist Solem. Herr Solem deltok ikke i konkurransen, han hadde meget bestemt sagt fra på et tidlig tidspunkt at han ikke kunne gå inn for denne oppgaven, da han jo ble den som måtte overta fremføringa. For om mulig finne bedre løsning, vedtok så nemnda å henvende seg til 2 kjente komponister (navnene kan De få oppgitt, om De ønsker det), med forespørsel om da en av dem kunne være villig til å komponere musikk til kantaten, idet konkurransen hadde fått et negativt utfall. Det lyktes ikke å få noen av de til å påta seg oppgavern og situasjonen begynte å bli prekær. I sin nød vedtok da nemnda å be herr Solem om å gå i gang med arbeidet, noe som han etter intrengende henstilling endelig gikk med på.»
Klaus Egge i Norsk komponistforening set ein sluttstrek for debatten om val av kompinst i brev av 5. mars 1948 der han skriv at dei «tar komiteens meddelelse til etterretning og takker for at komiteen har vært så elskverdig å forklare oss sammenhengen».
Jubileumskantaten skriven av Henrik Straumsheim og komponert av Edvin Solem blei framført i Ålesund kirke den 13. april klokka 09.00 for ei fullsett kyrkje. Som Sunnmørsposten skriv i avisa 14. april var det eit verk som «må høres i selve kirken med sine høgtidsstemte omgivelser for å komme til sin rett. Gjengivelsen i radio kan bare gi et avbleket bilde og de som hørte den der, bør unne seg sjølv den glede å få det fulle inntrykk av verket ved å være til stede ved de seinere oppførelser, som det bør bli mange av».
Kjelder:
Ålesund kommune. Aalesunds 100 års- jubileum. Musikk- og kantatekomiteen. 1946-1948
Sunnmørsposten 1948
Tekst: Vibeke Solbakken Lunheim, IKAMR