10.12.2020

722 000 til arkivprosjekt

Leiar for SEDAK, Ottar A. B. Anderson og rådgjevar med ansvar for privatarkiv, Åsta Vadset - Foto: Piotr Cabaj, SEDAK

IKAMR har søkt på utviklingsmidlar og fått tilskot til tre forskjellige prosjekt i år.

Arkivverket forvaltar prosjekt- og utviklingsmidlar til arkivformål. I år er det tilsidesett 12 millionar av Norsk Tipping sitt speleoverskot til enkeltaktivitetar, til landsomfattande eller regionale samarbeidstiltak og utvikling av fellesløysingar. Målgruppa er offentlege og private institusjonar som bevarer, gjer tilgjengeleg og formidlar arkiv. Andre med formål å bevare og gjere tilgjengeleg arkiv kan også søke.

Det første prosjektet er SEDAK sitt «Analyse av behovet for kvalitetssikring av digitalisering i Digitalarkivet». Riksrevisjonen si undersøking av digitalisering av kulturarven rapport 2016-2017 påpeiker mellom anna at kvaliteten på mykje av digitaliseringa som er utførd, ikkje held mål.  At vi som fagmiljø tek ansvar for å rigge system som handterer kvalitetssikring og revisjon, vil vere avgjerande for vidare tillit og utvikling i arkivsektoren. Prosjektet vil nå heile arkivsektoren. Ein ser for seg å gå svært breitt ut for å kartlegge status og behov. Det vil seie både store nasjonale institusjonar og små lokale aktørar. Samarbeid er sjølve nøkkelen i prosjektet, der alle uavhengig av størrelse og budsjett vil kunne få tilgang på same gode verktøy for kvalitetssikring.

Arkivverket har skrive om tildelingane på nettsidene sine og der nemnt nettopp tildelinga til SEDAK (detaljar henta frå SEDAK sin søknad): «I utviklingstiltaket "Kartlegge behov for kvalitetssikring av digitalisert materiale på Digitalarkivet" skal IKA Møre og Romsdal utrede hvordan kvalitetssikring av det digitaliserte arkivmaterialet kan gjøres. Ved å ta i bruk ISO 19264-1, som beskriver framgangsmåte for digitalisering av papirbasert materiale, vil en kunne oppnå mulighet for brukere å sammenligne datasett for analyse og forsking på likt grunnlag. Det vil også bli mulig å gjennomføre revisjon av kvalitetsnivå.»

Det andre prosjektet er «Revisjon av bevaringsplan for privatarkiv i Møre og Romsdal». Formålet med prosjektet er å utarbeide ein ny bevaringsplan for privatarkiv som omfattar IKAMR, Nordmøre museum, Romsdalsmuseet og Musea på Sunnmøre. Planen skal gjelde for arkiv fram til dagens arkivskaping, peike på framtidige bevaringsmål og gi klare føringar for innsamling, bevaring og tilgjengeleggjering av analoge og digitale privatarkiv i fylket. Dette er ei revidering av eksisterande plan frå 2016.

Det tredje prosjektet er «Virke sådan i det stille».  IKAMR, i samarbeid med Norske Kvinners Sanitetsforening Møre og Romsdal, ønsker å samle, ordne og gjere tilgjengeleg arkiv etter lokalforeiningane i fylket. Arkivlister vil bli lagt på Arkivportalen og digitaliserte møtebøker og årsmeldingar gjort tilgjengelege via digitalarkivet.no. Digitaliseringa blir utført av SEDAK.

Formålet med dette er å sette fokus på ein underkommunisert og viktig del av historia om oppbygginga av velferdsstaten vår. Norske Kvinners Sanitetsforening vart oppretta 26. februar 1896. Lokalforeiningar vart danna over heile Noreg. Arkiva etter dei lokale sanitetsforeiningane viser på mikronivå den store innsatsen som vart lagt ned i små og store lokalsamfunn over heile landet. Det var sanitetsforeiningane i lag med helselaga som bygde opp primærhelsetenester i form av sjukestover, skuletannlege, helsekontroll, heimesjukepleie, sjukeheimar, tuberkuloseheimar, helsestasjonar, husmorvikartenesta og også barnehage. Desse tenestene vart etter kvart tekne over av det offentlege. Vi ønsker å sette fokus på dette nitide og viktige arbeidet, som skjedde på dugnad, primært av kvinner som ofte hadde store omsorgsoppgåver i utgangspunktet.

Vi gler oss over tilskota som gjer det mogleg å gjennomføre desse prosjekta!

Kategori
Privatarkiv
SEDAK