24.01.2018

Tilsette på ASTA-kurs

Foto: Anderson/SEDAK.
Foto: Anderson/SEDAK.
22. og 23. januar var fire tilsette ved IKA Møre og Romsdal på ASTA-kurs i Oslo.
 
Desse to dagane ved Riksarkivet gjennomførte Andri Jónsson, Håkon Wille, Sølvi Knudsen og Ottar Breivik Anderson "ASTA Arkivfaglig introduksjonskurs" og "ASTA Basiskurs" av Stiftelsen ASTA.
 
Kursa omhandla arkivregistrering og dei mest brukte funksjonane i programvara ASTA, samt grunnleggande arkivkunnskap og arkivforståing.
 
I tillegg til kurs fekk deltakarane ei grundig og svært spennande omvising ved Riksarkivet.
 
 
Tekst: Ottar Breivik Anderson, SEDAK.