28.03.2017

Rekordbesøk ved IKAMR sin lesesal

Frå venstre mot høgre: Ole Dahle, Randi Viddal, Marit Pauline Kvalsvik, Kai Løseth og Britt Unni Sporsheim. Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
Frå venstre mot høgre: Ole Dahle, Randi Viddal, Marit Pauline Kvalsvik, Kai Løseth og Britt Unni Sporsheim. Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
Idag er det ein merkedag ved IKAMR. Vi har aldri før hatt så mange lesesalsbesøkande på ein gong. Heile 5 stykker!

Lesalen vår er jamnt over godt besøkt. Ein til to gjestar i veka i gjennomsnitt. Ein sjeldan gong to samtidig. Men dagens oppmøte har vi ikkje sett maken til før. Vi ønsker alle velkomne - og er glade for at arkiva våre og kunnskapen vår vert brukt! Der det er hjerterom er det husrom.

Kategori: 
Eldre arkiv