09.06.2015

NAV anno 1756

Dokumentet er den første bevarte protokollsida i ”Herø Fattigkommisions Forhandlingsprotokoll” 1756-1845, ei av dei eldste kjeldene vi oppbevarer ved IKAMR.
Dokumentet er den første bevarte protokollsida i ”Herø Fattigkommisions Forhandlingsprotokoll” 1756-1845, ei av dei eldste kjeldene vi oppbevarer ved IKAMR.
9. juni vert den Internasjonale Arkivdagen markert over heile verda. Dette skjer ved at arkivinstitusjonar vel seg ut eitt dokument frå samlingane sine, fortel om det og set det inn i ein samanheng. Dokumentet Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal har valt i år er kanskje ikkje visuelt vakkert, slik som mange andre dokument vi oppbevarer i magasina våre. Vi kunne valt eit flott foto, ein fargerikt illustrert skulestil eller ei viktig kontrakt. Vi har i staden valt eit epokegjerande dokument. Epokegjerande for samtida det vart skapt i, og for oss i dag. No nyt vi nemleg godt av konsekvensane tiltaket dokumentet fortel om fekk for samfunnet vårt.

Dokumentet er første bevarte protokollside i ”Herø Fattigkommisions Forhandlingsprotokoll” 1756-1845. Den øvste delen av sida er avskrift av brev frå stiftet til soknepresten om oppretting av kommisjonen. Nedste del er starten på referatet frå første møtet i kommisjonen 13. september 1756. På dette møtet, som vart halde på tingstaden Hatløy, vart det lokale fattigvesenet organisert. Prestegjeldet vart delt inn i legder som skulle ta vare på sine fattige. Sokneprest Hans Høegh var leiar for kommisjonen. Seks bønder vart valde til medlemmar: Anders Kvalsund og Ola Tjervåg for Herøy, Mons Sandanger og Peder Brekke for Sande, Gulik Eika og Peder Bø for Rovde. Bygderepresentantane i kommisjonen vart oppnemnde av soknepresten, ikkje av lokalsamfunnet.

I perioden 1741-1790 vart det oppretta fattigkommisjonar i kvart stift i landet. Målet var å kome betleriet, tigginga, til livs. Det vart skilt mellom to slags fattige: dei ”urette fattige” og dei ”rette fattige”. Hovudoppgåvene til fattigkommisjonane var å sørge for at dei rette fattige (sjuke, gamle og dei som ikkje kunne klare seg sjølve) fekk hjelp, og å straffe ”late og ørkesløse betlere samt andre omstreifende egenrådige og udydige mennesker”. Fattigkommisjonen delte dei verdige inn i legder hos bøndene slik at dei fekk mat, drikke og husvære. Friske barn og vaksne måtte delta i arbeidet på garden. Dei fattige skulle halde seg i sitt eige sokn. Til å halde sokna rydda for tiggarar og omstreifarar skulle kommisjonen oppnemne to bygdevektarar. I og med at ordninga med legder involverte bøndene, plikta folk utanom bondestanden i staden å betale pengar til fattigkassa.

”Anordningen om fattigvæsenet i Bergen stift” kom i 1755, medan ”Anordningen om fattigvæsenet i Trondhjem stift” ikkje kom før i 1789/90. Dette er årsaka til at den søre delen av det som i dag er Møre og Romsdal fylke var 35 år tidlegare ute med offentleg sosialhjelp enn det den nordre delen var. Fattigkommisjonane var eit av dei første kommunale organa i Noreg, og arbeidsfeltet til kommisjonane er framleis kommunale kjerneoppgåver: sosialteneste, helse- og omsorgsteneste og barnevern.

”Herø Fattigkommisions Forhandlingsprotokoll” 1756-1845 er ei av dei eldste kjeldene vi oppbevarer ved IKAMR. Sjølv om det tydelegvis manglar ei side fremst i protokollen, er den er i svært god stand trass sin høge alder. Fordi vi ønskjer å bevare den like fin for framtida, får brukarar berre tilgang til digitale kopiar.

Fattigkommisjonen si møtebok fortel om kven som fekk fattighjelp, kor mykje dei fekk, kven som var rekna som tiggarar og kven som var verdige trengande. Den fortel også om korleis fattigkommisjonen var organisert og kven som sat som medlemmer, var utnemnde til bygdevektarar osb. Møtebøker, til liks med andre seriar i fattigvesenet sitt arkiv, er kjelder til slektshistorie og sosialhistorie.

Når vi brukar arkivdokument som kjelder må vi ta omsyn til både konteksten dokumentet vart skapt i, og kven si stemme som høyrest gjennom dokumentet. I fattigkommisjonen si møtebok er det medlemmane av kommisjonen sine stemmer vi høyrer. Dei sat som hjelparar, men også i ein maktposisjon, overfor dei fattige. Dei fattige sine stemmer kan vi berre høyre dersom vi les mellom linene.

Kjelder:

Herøy kommune, Herø Fattigkommisions Forhandlingsprotokoll 1756-1845 (K-15151.610, Aa: 0003).

Masdalen, Kjell Olav: Prestens rolle i skole og fattigkommisjonene (http://digitalarkivet.no/sab/prestrol.htm).

Rabben, Bjarne: Herøyboka, bygdesoga I. Herøy Sogelag, 1972.

Under kan du lese transkribert versjon av dokumentet ved Jonny Lyngstad.

Du kan lese meir om den internasjonale arkivdagen på nettsida International Archives Day. For å sjå alle bidraga, klikk på View Photos i høgre hjørne.

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR.

Kategori: 
Smakebitar frå arkivet