23.04.2018

Godt besøk på Kjenn din egen by!

Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
Det var godt oppmøte ved IKAMR på søndag.

Mellom 30 og 40 besøkande tok turen innom oss. Dei fekk sett på digitalisering av Ålesund formannskaps møtebøker 1946 - 48, hjelp til søk etter slektningar i digitaliserte kjelder, sett på fotoutstilling og fekk omvisning i magasinet der det vart fokusert på arkivdokument som fortel om Ålesund bys historie. Enkel bevertning var det også - i solskinet utanfor. Eit vellukka arrangement med blide og fornøygde folk.

Kommune: 
Ålesund