07.09.2016

Besøk frå Møre og Romsdal Fylkeskommune

besok_fra_fylkeskommunen.jpg

Måndag 5. september var fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen og ass. fylkeskultursjef Monica Kjøl Tornes frå Kulturavdelinga, informasjonssjef Inger Johanne Moene og Elin Johanson Lyngstad frå informasjonsseksjonen og administrasjonssjef Nils-Gunnar Solli på vitjing på IKA.

Dagleg leiar Geir Håvard Ellingseter informerte om Møre og Romsdals fylkeskommune sitt eigarskap i IKA. Infoavdelinga var spesielt interesserte i tilleggstenestane Kulturnett Møre og Romsdal, FylkesFOTOarkivet og SEDAK og synleggjering av fylket som eigar. Jan Aakvik tok for seg historikk, arbeidsoppgåver over en periode på 10 år, samt nokre tankar om utfordringar som ligg føre. Møre og Romsdal fylkeskommune kom med gode innspel og ein var samd om at eit oppfølgingsmøte i november 2016 for å sjå nærare på kommande års tenestar og utfordringar.

Det vart og tid til omvising i arkivmagasina, besøk hos Fylkesfotoarkivaren og ein fekk sjå digitaliseringstenesta i arbeid.

Tekst: Jan Aakvik, Kulturnett Møre og Romsdal.