12.06.2015

Avleveringar mottekne denne veka

Sølvi Knudsen, konsulent ved IKAMR, pakkar ut avleverte arkiv. Foto: Guro Flø, IKAMR.
Sølvi Knudsen, konsulent ved IKAMR, pakkar ut avleverte arkiv. Foto: Guro Flø, IKAMR.
Denne veka har det vore avleveringsveke ved IKAMR. Vi har motteke 45 hyllemeter frå ulike arkivskaparar.

Sula kommune har avlevert morsmapper frå Omsorgstenesta og Sula legesenter, Nesset kommune har avlevert Landbruksarkiv og klientarkiv frå Barneverntenesta, Møre og Romsdal fylkeskommune har avlevert Sefrakarkiv, Molde kommune har avlevert arkiv frå Overformynderiet, Molde Ingeniørkontor og protokollar frå ulike enkeltskular, og PPT for Surnadal, Rindal og Halsa har avlevert klientarkiv. Neste avleveringsveke er veke 34 (17.-21. august).

Kategori: 
Eldre arkiv
Personregister