29.04.2025

Arkiv og demokrati

Foto: Tove Elisabeth Nypan, Troms fylkeskommune

I går og i dag arrangerer Arkivforbundet med fleire årets privatarkivkonferanse i Stavanger. Det er ulike tema på programmet, blant anna satsinga på privatarkiv og dermed også arkivlova, men også perspektiv utanfor vårt eige land. I den forbindelse vart Colleen Shogan henta inn som hovudinnleiar og fekk avrunde programmet første dagen.

Kven er er Colleen Shogan? Inntil ganske nyleg var ho USA sin 11. nasjonalarkivar (det same som vår riksarkivar). Jobben hadde ho hatt i rundt to år, då ho plutseleg fekk sparken på X (tidlegare Twitter).

Under innlegget sitt snakka ho blant anna om at arkiva er viktige for å bevare historie og ta beslutningar i framtida. I intervju med Stavanger Aftenblad seier ho at arkivering er viktig for helsa til demokratiet, det er ikkje slik at arkiv kun er "kjekke å ha", dei er heilt vesentlege.

Arkiva er viktige for demokratiet fordi dei sikrar pålitelegheit, dei sikrar grunnlag for å ta informerte beslutningar og opprettheld ansvarlegheit og openheit hos dei som styrer.

Les meir om besøket på NRK Rogaland sine nettsider: Fikk sparken av Trump – nå er hun på Stavanger-besøk – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

 

Kjelder:
Stavanger Aftenblad (bak betalingsmur): Tok turen til Stavanger etter at Trump ga henne sparken: – Veldig bekymringsfullt

NRK Rogaland