05.03.2018

Årets arkivar

Fjorårets vinnar, Annlaug Knardal Myklebust, arkivleiar i Sandøy kommune. Foto: Sandøy kommune
Fjorårets vinnar, Annlaug Knardal Myklebust, arkivleiar i Sandøy kommune. Foto: Sandøy kommune
Kommunane og fylkeskommunen i Møre og Romsdal har eit korps av arkivmedarbeidarar som utfører oppgåver som er grunnleggjande for arbeidsgjevarane sine. Alle fortener å kome meir fram i lyset. IKAMR ønskjer å markere arbeidet som arkiv- og dokumentasjonsmedarbeidarar gjer ved å dele ut prisen Årets arkivar til ein person som har utmerka seg på ein eller fleire måtar.

Det kan vere nybrottsarbeid, å skape forståing for arkivdanning og dokumentasjon i organisasjonen, utføre godt arkivarbeid eller anna. Prisen har som mål å setje fokus på dette arbeidet og vise at godt og solid arbeid kombinert med nytenking og forståing for gode arkivløysingar vert sett pris på.

Tildeling av prisen skjer på grunnlag av nominasjon frå arkivmedarbeidarar og andre tilsette i kommunane og fylkeskommunen. Nominasjonen skal grunngjevast.

Nominasjon vert sendt til postmottak@ikamr.no innan 15.mai 2018 og vert handsama konfidensielt. Det vert ikkje gjort kjent namn på nominerte som ikkje oppnår tildeling.

Send inn forslag på nokon du meiner fortener prisen!