-
Oppstart av ordningsprosjekt for Giske kommune
Les meir: Oppstart av ordningsprosjekt for Giske kommuneIKAMR har starta eit nytt ordningsprosjekt i samarbeid med Giske kommune. Den første innhentinga av arkivmateriale er no gjennomført. Den 17. september vart om lag 79 hyllemeter arkivmateriale frå sentral sektor pakka ned og henta inn til IKAMR. Totalt vart det pakka 112 flyttekassar med arkivmateriale. Materialet er no motteke og plassert i IKAMR sine…
-

Besøk frå Slekt og Data Møre og Romsdal
Fredag 5. juni fekk IKAMR besøk av 30 medlemer frå Slekt og Data Møre og Romsdal. Organisasjonen arrangerte den årlege sommarturen sin i Ålesund og tilbrakte dagen hos oss og på Ålesund Museum. Vi set stor pris på å få besøk og på høvet til å gjere brukarane betre kjende med arkivsamlingane våre.
-

Ferdigstilling av ordningsprosjekt for Aukra kommune
IKAMR har no ferdigstilt ordningsprosjektet vi har hatt på gang for Aukra kommune. Prosjektet omfattar om lag 200 hyllemeter arkivmateriale frå perioden etter 1964. Materialet omfattar arkiv frå sentral-, skule-, kultur-, helse-, og teknisk sektor. Arkivet er no ordna og listeført etter gjeldande retningslinjer.
-

Slektsforskning i bortgøymt fattigkasserekneskap frå Kristiansund
Etter fleire år med leiting etter opplysningar om slektningar frå 1860-talet har slektsforskarar frå Bergen funne ny informasjon i dei historiske kommunale arkiva frå Kristiansund kommune. Dokumentasjonen vart funnen i uordna fattigkasserekneskap frå kemnerkontoret i Kristiansund, som har vore bortgøymt i ein mannsalder.
-

Praksisstudent hos IKAMR
Våren 2026 har IKAMR vore praksisplass for ein historiestudent frå Høgskulen i Volda. Maria Bjåstad Hustadnes går andre året på bachelorstudiet i historie og har hatt ein ti vekers praksisperiode hos IKAMR frå februar til april som del av praksisemnet HI204P Lokal- og regionalhistorie.
-

ABM-konferansen 2026
Årets ABM-konferanse (Arkiv, Bibliotek og Museum) ble avholdt i Nordmøres nye storstue Normoria 29. og 30. april.
-

Representantskapsmøte 17. april 2026
Representantskapsmøte 1-2026 blir halde på Vestnes Fjordhotell den 17. april.
-

Klippfisk og tilfeldigheiter
For tre år sidan var vi innom Tine Meieriet Ålesund for å estimere kostnad på depotleige for arkivet deira. Der fekk vi kjennskap til ei samling med arkiv som var funne i lokala fleire år tidlegare. Vi fekk lov til å kike på dokumentasjonen og etter kvart overføre den til IKAMR. Men kva var dette…
-

Besøk fra KDRS – Kommunearkivinstitusjonenes Digitale RessursSenter
Den 3. og 4. februar hadde IKA Møre og Romsdal besøk av leder for KDRS, Tor Eivind Johansen. Det ble to lærerike dager for våre arkivarer som jobber med digitalt depot. IKAMR er medeier i KDRS, men bidrar også i utvikling av løsninger for digital langtidsbevaring og innsynsløsninger til disse.
