Ferdigstilling av ordningsprosjekt for Aukra kommune

Ein mann står med ryggen til fotografen og ser mot ein reol full av grå arkivboksar med kvite etikettar.

Førstekonsulent Emil Stokkevåg med ein del av arkivet som no er ferdigordna. Foto: Egil Woldseth Hessen, IKAMR

IKAMR har no ferdigstilt ordningsprosjektet vi har hatt på gang for Aukra kommune. Prosjektet omfattar om lag 200 hyllemeter arkivmateriale frå perioden etter 1964. Materialet omfattar arkiv frå sentral-, skule-, kultur-, helse-, og teknisk sektor. Arkivet er no ordna og listeført etter gjeldande retningslinjer.

Ordninga sikrar viktig dokumentasjon av kommunen si verksemd og bidreg til å ta vare på lokal historie og rettsdokumentasjon for framtida.

IKAMR takkar Aukra kommune for godt samarbeid i prosjektperioden.

Ein kikar inn mellom to reolar fulle med grå arkivboksar med kvite etikettar, pent på rekke og rad.
Reolar med ferdig ordna arkiv. Foto: Egil Woldseth Hessen, IKAMR

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading