Oppstart av ordningsprosjekt for Giske kommune

IKAMR har starta eit nytt ordningsprosjekt i samarbeid med Giske kommune. Den første innhentinga av arkivmateriale er no gjennomført.

Den 17. september vart om lag 79 hyllemeter arkivmateriale frå sentral sektor pakka ned og henta inn til IKAMR. Totalt vart det pakka 112 flyttekassar med arkivmateriale.

Materialet er no motteke og plassert i IKAMR sine magasin, der det skal ordnast og registrerast som ein del av ordningsprosjektet.

IKAMR takkar Giske kommune for godt samarbeid og ser fram til det vidare arbeidet med prosjektet.

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading