Tildeling av arkivutviklingsmidla – eit løft for privatarkivarbeidet i Møre og Romsdal

Også i år har vi motteke mykje midlar frå Nasjonalarkivet til arbeidet med private arkiv i fylket vårt. Aalesunds Museum har fått 138 310 kr til utpakking av arkivsamlinga si, Romsdalsmuseet 270 000 kr til sikring, ordning og katalogisering av Molde FK og Sportsklubben Træff sine arkiv og Nordmørsmusea 274 000 kr til bevaring, ordning og tilgjengeleggjering av arkivet etter Jon Bojer Godal om tradisjonshandverk.

I tillegg mottok samarbeidet «Arkivet i demokratiets teneste», Høgskulen i Volda, Universitetet i Innlandet og IKAMR, 100 000 kr til publisering av ein antologi der tema er bruk av arkiv i universitets- og høgskulesektoren.

«Arkivleia», eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Vestland, Arkiv i Nordland og IKAMR, vart tildelt 435 000 til år 2. Med prosjektet ønsker vi å formidle kysthistoria via ei kartbasert interaktiv løysing, basert på arkivdokumentasjon og lokalhistorisk litteratur.

Tusen takk!