Forprosjektet tek tak i digital handtering av fysisk arkivmateriale som av ulike årsaker ikkje lar seg lesast med det blotte auge. Gjennom bruk av avansert kamerateknologi og etablerte metodar innanfor kunstkonservering og dokumentasjon, finst det moglegheit for digital rekonstruksjon av informasjon som er antatt tapt. I praksis vil den originale informasjon som ikkje er synleg i normalt lys la seg avbilde og bli leseleg i dei digitale filene på ein dataskjerm. Teknikken påfører ikkje det fysiske arkivet noko skade eller påkjenning og er difor i utstrekt bruk innanfor kunstkonservering og dokumentasjon.
Fylkessenter for digitisering av kulturarven (SEDAK) ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal har starta arbeidet med å bygge kompetanse på fagområdet og har gjennomført fleire pilotprosjekt med svært gode resultat i samarbeid med den velkjente kameraprodusenten Phase One og deira Rainbow MSI system.
Tildeling frå Nasjonalarkivet mogleggjer vidareføring av erfaringane frå desse pilotprosjekta der vi ved hjelp av metoden henta fram antatt tapt informasjon som stadsingeniør Johannes Solem rapporterte i sin rapport fem dagar etter bybrannen i Ålesund i 1904. Protokollen inneheld kopiar av utgåande brev som i byrjinga av 1900-talet vart skrive på svært tynt og skjørt matpapirliknande papir. Skrifta i denne primærkjelda var delvis uleseleg, truleg gjennom fysisk bruk i over 122 år.
Les meir om pilotprosjektet (artikkel på engelsk).

Arkivsektoren i Norge har i svært liten grad etablert metoden som gjeldande praksis og forprosjektet vil kunne bidra med naudsynt basiskunnskap til resten av fagmiljøet både regionalt og nasjonalt. Utviklingsmidla frå Nasjonalarkivet skal nettopp gå til kunnskapsutvikling, samarbeid og utprøving av arbeidsmåte og metodikk.
Regionalt har vi identifisert fleire arkiv frå mellom anna Aalesunds museums samling som vil kunne bli leselege ved hjelp av metoden. Vi ser fram til det vidare samarbeidet med dei involverte partane og potensielt kunne hente fram antatt tapt informasjon i arkiva i regionen.
Lenke til Nasjonalarkivet om tildelingane: https://www.nasjonalarkivet.no/besok-informasjon/arbeid-med-arkivutvikling/arkivutviklingsmidler/prosjekter-som-har-fatt-arkivutviklingsmidler-i-2026


