Årets arkivar 2026

På IKAMR sin kontaktkonferanse blei Inger-Johanne Johnsen, arkivleiar i Volda kommune, kåra til årets arkivar for sitt framifrå arbeid med arkivsamarbeidet for Søre Sunnmøre.

Sidan 2017 har tildeling av prisen Årets arkivar vore ein fast del av kontaktkonferansen.

Kommunane og fylkeskommunen i Møre og Romsdal har mange arkivmedarbeidarar som utfører oppgåver som er grunnleggande for arbeidsgivarane. Alle fortener å kome meir fram i lyset. IKAMR ønsker å markere arbeidet som arkiv- og dokumentasjonsmedarbeidarar gjer ved å dele ut prisen Årets arkivar til ein person som har utmerka seg på ein eller fleire måtar.

Det kan vere nybrottsarbeid, å skape forståing for arkivdanning og dokumentasjon i organisasjonen, utføre godt arkivarbeid eller anna. Prisen har som mål å sette fokus på dette arbeidet og vise at godt og solid arbeid kombinert med nytenking og forståing for gode arkivløysingar vert sett pris på.

Blant fleire gode kandidater la vi i vår vurdering særleg vekt på hennar rolle som koordinator for arkivsamarbeidet på Søre Sunnmøre. I vår introduksjon trekte vi også fram hennar lange og breie erfaring frå arkivfaget, og hennar arbeid med dei ulike sidene av  dokumentasjonsforvaltninga gjennom mange år. Vi gratulerer ein verdig vinnar med prisen!