Kva skjer eigentleg i ein kommune når kongen eller nokon frå kongefamilien melder at dei kjem?
Kong Harald reiste landet på kryss og tvers gjennom eit langt liv i kongefamiliens teneste. Møre og Romsdal var eit fylke han og familien stadig vende tilbake til. I kommunearkiva ligg spora etter dei mange kongelege besøka, og dei fortel også historia om alle førebuingane som finn stad i forkant av eit kongeleg besøk.
Kommunearkiva tek vare på mykje av det publikum aldri ser. Brev frå slottet, program som er sette opp minutt for minutt, korleis byen skal pyntast, kven som skal stå kvar, kven som skal få handhelse, kven som skal overrekkje blomar og kven som skal tale. Det skal dekkjast bord, plasserast gjester, tryggleiken skal takast vare på og rekningane betalast når det kongelege besøket er over.
Når besøket er over, blir dokumentasjonen liggjande att i arkiva.
I arkiva etter kommunane i Møre og Romsdal finst det mange spor etter kong Harald. Han besøkte fylket ei rekkje gonger, først som kronprins og seinare som konge. Nokre besøk var store og offisielle, medan andre hadde ein meir privat karakter. Dokumenta i kommunearkiva fortel om eit langt forhold mellom kongefamilien og fylket vårt. Dei fleste veit at Møre og Romsdal var eit område kong Harald og dronning Sonja stadig vende tilbake til, både i offisielle samanhengar og på private reiser.
Kronprinsens første besøk i Molde – «En spesiell klang også i mine ører»
Eit av dei tidlegaste spora etter kronprins Harald finn vi i arkivet etter Molde kommune. 11. juni 1966 var det duka for stor fest. Molde rådhus skulle innviast, og den 29 år gamle Kronprinsen fekk æra av å innvie det nye rådhuset i byen. Det var hans første offisielle besøk i byen.
Det nye rådhuset var eit symbol på kor langt Molde var kome sidan krigen. Fram til rådhuset stod ferdig, hadde den kommunale administrasjonen vore spreidd på sju forskjellige stader i byen. No skulle han samlast under eitt tak. Rådhuset, med store koparflater, naturbetong og italiensk marmor, markerte på mange måtar slutten på gjenreisinga av Molde.
Det var nettopp biletet av byen som hadde reist seg frå ruinane, kronprins Harald greip fatt i då han reiste seg for å takke for maten denne kvelden. Uttrykket om at Molde hadde reist seg som «fugl Fønix av asken», ville nok bli brukt flittig under feiringa, konstaterte Kronprinsen.
Så tok talen ei vending som mange seinare skulle kjenne att som typisk for kong Harald. Han ville helst ikkje trekkje samanlikninga mellom fugl Føniks og oska på den eine sida, og maten han nettopp hadde fått servert på den andre, for langt:
«Ved nærmere ettertanke kunne det så lett lede helt galt avsted!»
Vi ser at allereie i 1966 var den lune humoren på plass. Bak spøken låg også ei langt meir personleg tilknyting til byen. Molde var ikkje berre ein gjenreist norsk by. Han var ein del av historia til hans eigen familie.
I talen som er bevart i arkivet etter Molde kommune, trekte han også linjene tilbake til aprildagane i 1940. Molde hadde, sa han, ein spesiell plass i nyare norsk historie. Han viste til krigshandlingane, kongebjørka og diktet til Nordahl Grieg, men også til sin eigen familie:
«Min egen familie, ikke minst, er også sterkt bundet til denne byen ved egenartede minner om spesielle begivenheter.»
På denne bakgrunnen var det, sa kronprinsen, ikkje så merkeleg at byen hadde «en spesiell klang også i mine ører og en særegen betydning».
Isbombe à la Molde
Kommunearkiva tek vare på dei store orda, men dei tek også vare på detaljane.
Skal vi tru papira etter rådhusinnviinga, gjekk Molde kommune grundig til verks då Kronprinsen kom på besøk. På menyen stod mellom anna kanapear med røykt laks, rådhussuppe, kalvesteik med grønsaker og til dessert «isbombe à la Molde». Desserten var pynta med roser og friske jordbær, og elevar frå husmorskule på Nesjestranda stod for serveringa.
Kronprinsen var godt nøgd med både stemninga, rådhuset og maten. På siste sida av talen hans står ønsket om at rådhuset måtte bli til nytte og glede for Molde og moldensarane, og at ein også i framtida måtte:
«spise like bra og hygge seg like godt som vi har gjort i aften».
Deretter følgjer tre ord med store bokstavar:
«TAKK FOR MATEN!»




Også rekninga ligg att i arkivet. Til bords satt 255 gjester, og rekninga frå Alexandra Hotell for festmiddagen kom på 30 092 kroner. Omrekna til dagens kroneverdi svarar dette til rundt 415 000 kroner.
Formannskapet si behandling av rekninga fortel samtidig om menneska som arbeidde i kulissane. Hovmeisteren og overkokken på hotellet hadde lagt ned fleire kveldar med ekstraarbeid med bordarrangement og kjøkkenrekvisisjonar, og formannskapet vedtok derfor å gi dei ei ekstra godtgjersle på 250 kroner kvar. Ein lokal kjøpmann hadde dei siste vekene «ofret det meste av sin tid» på arrangementet og skulle takkast med ei eiga gåve frå kommunen.
Eit kongeleg besøk er med andre ord langt meir enn det som skjer den dagen kommunen tek imot gjestene sine.
Kongeleg familiebesøk i 1969
Berre tre år seinare finn vi igjen dei kongelege på besøk i Molde.
Sommaren 1969 var den britiske kongefamilien på ei privat reise langs norskekysten. Dronning Elizabeth II og prins Philip besøkte Vestlandet og Trøndelag saman med barna sine frå 7. til 11. august, med kong Olav V som vert. Det var ikkje eit statsbesøk.
Den 9. august kom norske og britiske kongelege til Molde. Blant dei var kong Olav V, dronning Elizabeth II og prins Philip, og arkivmaterialet viser også at kronprins Harald og kronprinsesse Sonja deltok.
Også denne gongen finn vi spor etter besøket i kommunearkivet. Talar og korrespondanse fortel om korleis dei kongelege blei tekne imot og kva ein ønskte å vise fram. I tillegg finst det skisser som viser korleis rådhuset og kaia nedanfor skulle pyntast før dei kongelege gjestene kom.



Turen gjekk mellom anna til Varden og kongebjørka. For kronprins Harald, prins Philip og prins Charles blei det også tid til laksefiske i Romsdalen. Dei besøkte Fiva gård ved Åndalsnes, og først i sjutida på kvelden returnerte dei til Molde.
Molde kommune gav gåver både til kronprinsparet og til dronning Elizabeth II. Dronninga fekk 300 roser av sorten «Molde». Arkiva viser at gåva også fann vegen over Nordsjøen. Våren etter besøket blei 250 roser sende til den kongelege hagen ved Windsor, medan 50 blei sende til Balmoral i Skottland.
Reeksportsertifikata frå Statens planteinspeksjon, daterte 16. april 1970, ligg framleis bevarte i arkivet etter Molde kommune.

Foto: Vibeke Solbakken Lunheim/IKAMR
Kronprins Harald og kronprinsesse Sonja fekk på si side biletteppet «Sol og seil», utført av Tulla Anker.


Meir enn eit halvt hundreår seinare melder spørsmåla seg: Finst nokre av Molde-rosene framleis i dei kongelege hagane i Storbritannia? Og finst biletteppet «Sol og seil» framleis om bord på kongeskipet Norge?
Tilbake igjen
Kronprins Harald kom tilbake til Molde 5. april 1972, då han stod for den offisielle opninga av Molde lufthamn, Årø.
Seinare følgde nye besøk til Molde, både som kronprins og konge. Han kom mellom anna tilbake til byen ved ei bispevigsel i november 1991, og gjennom åra besøkte Harald kommunar rundt om i heile fylket.
Spora etter kong Haralds besøk og reiser finst i kommunearkiva. Nokre gonger består dei av store mapper med program, gjestelister, tryggleiksopplegg og talar. Andre gonger er spora langt mindre.
I arkivet etter Hareid kommune ligg det til dømes eit takkekort frå kong Harald og dronning Sonja frå 1991, etter at kommunen hadde sendt kondolansane sine ved kong Olav Vs død. Då kong Olav V døydde 17. januar 1991, blei kronprins Harald Noregs konge og kronprinsesse Sonja Noregs dronning. Ein ny epoke i det norske kongehuset hadde begynt.
I Stranda finn vi eit kommunalt vedtak frå 1993 om å bidra med 1 200 kroner til ei felles gåve i samband med kong Harald og dronning Sonjas sølvbryllaup. Pengane gjekk ikkje til kongeparet sjølv, men til H.K.H. Prinsesse Märtha Louises Fond, til støtte for barn med funksjonsnedsetjingar.
Andre arkiv fortel om sjølve besøka: om mottakingar, middagar, gåver og folkefestar.
Kvar for seg kan dokumenta verke små. Samla fortel dei noko større.
Ein ny epoke
Kong Harald V døydde på Rikshospitalet fredag 28. august 2026, 89 år gammal. Han hadde då vore Noregs konge i 35 år. Onsdag 9. september tek Noreg farvel med han i Oslo domkirke.
Gjennom eit langt liv rakk kong Harald å besøkje nesten heile landet. Fylkesturane var blant oppgåvene han sette aller høgast, og saman med dronning Sonja møtte han menneske i små og store kommunar over heile Norge.
Også blant IKAMRs eigarkommunar finst spora etter han frå besøk gjennom fleire tiår. Berre i éin av eigarkommunane manglar spor etter eit gjennomført kongeleg besøk.
1. september skulle kong Harald og dronning Sonja ha besøkt Rindal. Besøket var planlagt, og kommunen var i gang med førebuingane. Slik gjekk det ikkje. Kong Harald døydde berre fire dagar før han skulle kome.
Også det besøket vil etterlate seg spor i arkiva.
For kommunearkiva tek vare på både dei store hendingane og dei små detaljane: talane, menyane, gåvene, rekningane og menneska som arbeidde i kulissane. Dei fortel historia om dei gongene Kong Harald kom.
For Rindal kommune vil dei elektroniske dokumenta fortelje historia om besøket som aldri fann stad.
Kvil i fred, kong Harald V.
Kongen er død. Leve kongen!
Foto kong Harald: Cathrine Wessel, Det kongelige hoff
Kjelder
Molde kommune. Formannskapet/kommunestyret/sentraladministrasjonen. Saksarkiv ordna etter NHF-nøkkel, 1966–1968.
Molde kommune. Formannskapet/kommunestyret/sentraladministrasjonen. Saksarkiv ordna etter NHF-nøkkel, 1969–1971.
Molde kommune. Formannskapet/kommunestyret/sentraladministrasjonen. Saksarkiv ordna etter NHF-nøkkel, 1972–1974.
Molde kommune. Formannskapet/kommunestyret/sentraladministrasjonen. Saksarkiv ordna etter K-kodar, 1990–1992.
Stranda kommune. Formannskapet/kommunestyret/sentraladministrasjonen. Saksarkiv ordna etter K-kodar, 1992–1994.
Hareid kommune. Formannskapet/kommunestyret. Saksarkiv ordna etter Norsk Herredforbunds arkivnøkkel, 1990–1992.
Sekundærkjelder
Harnes, Oddbjørn. Med kongefamilien gjennom Romsdal 1906–1982. En reise i tekst og bilder. Molde: Romsdals Budstikke AS, 1982.
Rindal kommune. «Rindal avventer: – Planen kan tas fram igjen», 1. september 2026. Sist besøkt 8. september 2026.
Tekst: Vibeke Solbakken Lunheim, IKAMR.


