Eit utval av fotograf Karl Otto Kristiansen sitt fotomateriale
Fylkesfotoarkivet ved IKA Møre og Romsdal har fått tildelt arkivutviklingsmidlar frå Arkivverket for å starte eit omfattande arbeid med å sikre langtidsbevaring av den eldre, filmbaserte delen av fotoarkivet etter fotograf Karl Otto Kristiansen.
Fotoarkivet består av rundt 67 750 fysiske bildeobjekt, inkludert negativ, dias og papirkopiar i ulike format.
Fotoarkivet etter Karl Otto Kristiansen utgjer ein einestående dokumentasjon av samfunn, natur og kultur i Noreg, og i særleg grad Møre og Romsdal frå slutten av 1970-talet og framover. Materialet er mangfaldig, samansett og har stor kulturhistorisk og visuell verdi.
Kristiansen var moderne og allsidig i verksemda si. Han tok tidleg i bruk ny teknologi og blei rekna som sentral innan fotografering i fylket, særleg innan reklamefoto. Han kombinerte nyskapande teknikkar med ei unik evne til å skape fotografi av høg teknisk og kunstnarleg kvalitet.
Formålet med prosjektet er å sikre, ordne og gjere det analoge materialet meir tilgjengeleg gjennom betre oversikt og struktur. Prosjektmidla gjer det mogleg å arbeide målretta med bevaringa av eit arkiv som elles ville vore sårbart for degradering.



