På vitjing i Vestfold

4 damer sit ved eit bord og smiler mot fotografen

Frå venstre mot høgre: avdelingsdirektør Karianne Schmidt Vindenes, arkivar Ingrid Nøstberg, rådgjevar Ulla Nachtstern og rådgjevar Ann Tove Mannshaus. Foto: Åsta Vadset, IKAMR

Tre dagar sist veke var privatarkivfeltet ved IKAMR på besøk i Vestfold.

30. mai var fleire frå privatarkivnettverket i Møre og Romsdal på besøk hjå Vestfoldarkivet, der vi fekk presentert organiseringa av Vestfoldarkivet og Vestfoldmusea, Norsk bergindustriarkiv, Næringslivsarkivet og formidlingsarbeidet. Spennande og lærerikt for oss!

31. mai og 1. juni deltok vi på Privatarkivkonferansen 2023 i Sandefjord.

Konferansen var arrangert av Arkivforbundet, Arkivverket, Norges museumsforbund og Vestfoldarkivet.

Dagane romma eit interessant fagleg program, i tillegg til gode samtalar og kunnskapsutveksling med kollegaer frå heile landet.

I 2024 vert Privatarkivkonferansen ein del av programmet i Det 9. norske arkivmøtet 17. og 18. april i Oslo.

 

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR

Deltakarane frå Møre og Romsdal står inni ein portal som er laga av ein kvalkjeft.
Frå venstre mot høgre: Stina Aasen Lødemel (Aasentunet/Nynorsk kultursentrum), Åsta Vadset (IKAMR), Torgeir Brun (ABM-avdelinga Møre og Romsdal fylkeskommune), Jan Aakvik (IKAMR) og Kenneth Staurset Fåne (Romsdalsmuseet). Foto: Trond Henriksen (Arbark)
Ei gruppe på 5 menneske står ute framfor eit stort bygg og smiler mot fotografen.
Frå venstre mot høgre: Stina Aasen Lødemel (Aasentunet/Nynorsk kultursentrum), Åsta Vadset (IKAMR), Torgeir Brun (ABM-avdelinga Møre og Romsdal fylkeskommune), Jan Aakvik (IKAMR) og Kenneth Staurset Fåne (Romsdalsmuseet). Foto: Trond Henriksen (Arbark)

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading