Ein ekte fagmann

Eit langt smalt bord langs ein vegg har ei lang rekke med bilde. Heilt bak står fotografen bak bilda krøkt ned og smiler mot kamera.

Piotr med alle bilda han ferdigstilte i sveineprøva si. Foto: Guro Flø, IKAMR

Dei siste par vekene har fotograflærlingen vår, Piotr Cabaj, gjennomført sveineprøve i fotograffaget. I går ettermiddag stod sensuren.

Vi er stolte og glade over å kunne meddele at sveineprøva er bestått!

At vår gode kollega er dyktig til å fotografere, visste vi frå før. No kan han med rette kalle seg fagmann!

Vi gratulerer!

Ein vaksen mann med skjegg smiler mot kamera. I eine handa held han eit dokument, i den andre eit fotografi i A4-format
Piotr med bevis på bestått sveineprøve. Foto: Zane Aboltina, IKAMR
I høgre nedre kant står ein mann i gul vest og gul hjelm, han står ved ei datamaskin og eit kamera, bildet på skjermen viser bygningen han står ved
Kveldsfotografering av Pir Cowork utandørs. Foto: Anne Tømmervåg, FAK
Kveldsbilde i blått lys av eit moderne bygg med mykje vindauge og glasflater. Vegen har ei raud stripe frå ein passerande bil.
Ferdig bilde av Pir Cowork utandørs. Fotograf: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading