Deponering av privatarkiv frå Hareid kommune

Bilde tatt ovanfrå, ser ned på ein stor rampe der mange rekker med flyttekasser står samla framfor ein varebil som blir tømt for fleire kasser.

Privatarkiv frå Hareid kommune på veg frå varebil til depot. Foto: Åsta Vadset, IKAMR

Torsdag 17. november kom ei samling privatarkiv frå Hareid kommune til IKAMR.

Arkivbestanden består av dokumentasjon frå komponist og dirigent Johan H. Grimstad, disponent og ordførar Johan E. Hareide, fotograf Lorents Jønsson, Haddal-samlinga og ulike foreinings- og lagsarkiv. Totalt 48 hyllemeter.

Stein Arne Fauske, frå Viti/Sunnmøre museum, har hospitert hos oss dei siste dagane og var med på utpakkingsarbeidet. Tverrfagleg AMB-samarbeid er positivt og kjekt for oss alle!

To menn står mellom to arkivreolar og smiler mot fotografen.
F.v. Emil Stokkevåg, prosjektmedarbeidar ved IKAMR og Stein Arne Fauske, Viti/Sunnmøre museum. Foto: Guro Flø, IKAMR

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading