Revidering av bevaringsplanen for private arkiv i Møre og Romsdal

To men står fremst på bildet og ser mot kamera. Bak dei står ein spisebenk inntil eit høgt okerfarga hus med småruta vindauge. På eine veggen er det ei utskjering av ein isbjørn, på den andre står det ishavsmuseet.

Gudmund Valderhaug (prosjektleiar IKAMR) og Webjørn Landmark (dagleg leiar Stiftinga Ishavsmuseet Aarvak) utanfor Ishavsmuseet Aarvak. Foto: Åsta Vadset, IKAMR

Etter tildeling av arkivutviklingsmidlar i 2020 til dette prosjektet er vi no i gang, i samarbeid med dei andre privatarkivaktørane i fylket: musea, historielaga og lokalarkiva.

Gudmund Valderhaug er tilsett som prosjektleiar. 28. september hadde vi møte med regionmusea og Nynorsk kultursentrum, som er dei som forvaltar flest privatarkiv i Møre og Romsdal.

4. oktober vitja vi Ishavsmuseet Aarvak, som forvaltar ein viktig del av arkiva frå fangst-feltet i vårt fylke.

Den eksisterande bevaringsplanen for private arkiv finn du her: Bevaringsplan privatarkiv | IKA Møre og Romsdal (ikamr.no)

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading