Arkiv frå handelsstaden Rønneberg på Larsnes

Ein mann i blå jakke og briller smiler mot kameraet, han har på kvite hanskar og held opp eit gamalt brev med kongekrone øvst på framsida

Bjørn Halle med bevillingsbrevet frå kong Oscar II, etter søknad frå Rasmus G. Rønneberg i 1903, om oppretting av familiegravstad på Rønneberg-eigedommen. 4 graver vart flytte frå Rovde kyrkje til familiegravstaden på Larsnes. Foto: Åsta Vadset, IKAMR

IKAMR har tidlegare motteke rekneskaps- og kopibøker frå handelsstaden Rønneberg på Larsnes, samt kvitteringsbøker frå dampskipsekspedisjonen. 17. juni var etterkomar Bjørn Halle innom med korrespondansearkiv.

Korrespondansearkivet er ei blanding mellom privat- og forretningsverksemd, og strekker seg i tid over heile 1800-talet samt starten av 1900-talet. Blant anna kong Oscar II. sitt bevillingsbrev frå 1903 til opprettinga av familiegravstad på Rønneberg-eigedomen.  

I siste halvdel av 1700-talet bygde Christoffer Rønneberg (1737-1824) opp eit mektig familiedynasti innanfor sunnmørsk næringsliv og politikk. Sonen Rasmus Rønneberg (1776-1822) tok over som handelsmann på Larsnes i 1803. Sonen hans igjen, Christopher Mathias (1804-1863), dreiv også handel på Skotholmen og i Flusund (Herøy kommune), i tillegg til å vere Herøy sin første ordførar. Neste generasjon, Rasmus Gerhard Rønneberg (1828-1907), var den siste kremmaren på Larsnes frå denne mektige handelsfamilien. Til handelsstaden høyrde butikkar, bakeri, brennevinshandel, post, dampskipsekspedisjon, olje- og bensinstasjon og agentur. Etter kvart vart jorda forpakta vekk og handelsverksemda leigd bort.

Rønneberghuset på Larsnes vart selt ut av familien. I dag er huset, ein staseleg sveitservilla bygd rundt 1880, restaurert og vert drive som selskapslokale (Selskapslokale i historiske omgivelser | Rønneberghuset | Møre og Romsdal (ronneberghuset.no). I tillegg bestod eigedommen i Larsnes sentrum av eit eldhus, ein låve, eit stabbur, eit hønsehus og grisefjøs, i tillegg til eit badehus. No er låven og badehuset vekk, men dei andre husa er under restaurering. På det meste var der 16 bygningar. I tillegg naust på Dalebø-eigedommen og hytta St. Helena på øya i Sandviksvatnet.

Arkivet er tatt inn til bevaring og forvaltning etter medlemskapet Sande kommune har i privatarkivordninga ved IKAMR.

Lenke til arkiva på Arkivportalen: P-00155 – Handelsstaden Rønneberg, Larsnes (arkivportalen.no)

 

Kjelde: Soga um Sande og Rovde, bind I. Jakob Bjørlykke og Olav Liset (1935).

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR
Originalar digitisert av Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR

Framsida av brev frå Kong Oscar II
Brev frå Kong Oscar II
Brev frå Kong Oscar II
Brev frå Kong Oscar II
Baksida av brev frå Kong Oscar II
Brev frå Kong Oscar II
Detalj frå brevet
Detalj frå brevet

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading