Nedpakking av arkiv i Surnadal

Tre menn står i ein glaskorridor, vende mot fotografen som står i ein ende av korridoren. Alle smiler

Klare til arbeid i Surnadal. Frå venstre: Egil Woldseth Hessen, Torstein Skeide Olsen og Aleksander Larsen. Foto: Åsta Vadset, IKAMR

IKAMR tok sist veke turen til Surnadal for å fortsette innhaustinga av arkiv tilhøyrande ordningsprosjektavtalen inngått i 2021.

I oktober 2021 henta vi inn sentrale organ, og i tillegg til dette, ferdig digitiserte arkiv. Dette er no for det meste ferdig ordna, med mindre unntak, derfor var det tid for å hente neste sektor. Valet, etter diskusjon med kommunen, fall på helsesektoren.

IKAMR har i løpet av desse dagane (21. til 24. juni) tømt arkivromma på omsorgsbustadane, i kjellaren på sjukeheim, visittkontoret på sjukeheim, og fleire av dei mindre arkivlokala i kjellaren på rådhuset.

I tillegg fekk vi med oss gammalt 1800-talsarkiv frå tidlegare Stangvik kommune, som vart funne på biblioteket . Desse kassene er no komne i depotet vårt i Ålesund.

Totalt blei omfanget på denne turen på 179,2 hyllemeter fordelt på 256 flyttekasser. Når dette er levert i Ålesund vil IKAMR ha tatt imot om lag 310 av dei 495 hyllemeterane estimatet i avtalen rommar. Vi har gitt uttrykk til kommunen for at neste tur vil finne stad i mai/juni 2023 for å pakke teknisk sektor. Kommunen ønsker sjølv at teknisk sektor skal takast i neste omgang.

Vi forventar mottak i to leveransar i perioden 4.-6. juli.

Vi takkar for oss, for eit hyggeleg besøk og ei fin sankthansfeiring i Surnadal!

 

Tekst: Torstein Skeide Olsen, IKAMR

Eit langt smalt rom med arkivskap, traller og trehyller, fylde med arkivboksar, permar og mapper.
Visittkontoret på sjukeheimen før nedpakking. Foto: Egil Woldseth Hessen, IKAMR
Det lange smale rommet med arkivskap, traller og trehyller, er no tømt for permar og arkivboksar, og er ferdigrydda og pakka i flyttekasser.
Visittkontoret på sjukeheimen ferdig nedpakka. Foto: Egil Woldseth Hessen, IKAMR
Tre menn står bak ein stor haug med ferdigpakka flyttekasser, dei smiler mot kamera.
Torstein Skeide Olsen, Aleksander Larsen og Egil Woldseth Hessen bak alle flyttekassene dei pakka sist veke. Foto: Sigrid Janne Moen, Surnadal kommune

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading