Pakketur til Aukra

Kjellarrom med lys vegg der det står ei lang rekke med flyttekasser på pallar. Til høgre står ein pallejekk.

Det ferdig nedpakka arkivet som skal til IKAMR. Foto: Aleksander Larsen

Den 16. juni tok IKAMR turen til Aukra kommune for å starte opp eit ordningsprosjekt inngått i februar i år. Prosjektet har ei ramme på 174 hyllemeter med estimert ferdigstillingstid ut 2025.

Vi starta med å pakke ned det ferdig digitiserte byggesaksarkivet som hos IKAMR skal boksast om, listeførast (på stykkenivå), etiketterast og deponerast i depotet.

I tillegg pakka vi dei sentrale kommunale organa som vi gjerne startar prosjekta våre med i form av: Sentralarkivet, formannskapet, kommunestyret, diverse utvalde små nemnder oppnemnde av kommunestyret, eldreråd, valstyret, ulike stemmestyre, gassutvalet, legat, administrasjonsutvalet, arbeidsmiljøutvalet og RFL.

Totalt vart fangsten på 101 flyttekasser og 71 hyllemeter.

 

Tekst: Torstein Skeide Olsen, IKAMR

I kjellarlokale jobbar to menn med å flytte ein palle med flyttekasser, som skal stillast opp ved sidan av ei rekke andre pallar fylde med flyttekasser.
Til venstre Torstein Skeide Olsen, til høgre Egil Woldseth Hessen. Foto: Aleksander Larsen

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading