Digitalisering av kulturarven

Ei gruppe personar, 3 kvinner og 5 menn står i to rekker og smiler mot kamera. Dei står inne i ein lagerhall med hyller lengst bak og logistikksystem for depot bak seg.

Til stades på årets første møte var Ole Martin Rønning, Kristine Storesletten Sødal, Aud Åse Reitan, Jan Aakvik, Nina Refseth, Per Inge Bøe, Håkon Glørstad og Jonny Edvardsen. Fotograf: Marte Aanes Stien, NB.

Med bakgrunn i oppdraget om digitalisering av Norges kulturarv har Nasjonalbiblioteket nemnt opp «Rådgivende utvalg for kulturarvdigitalisering». IKAMR er representert i utvalet.

Utvalet som består av representantar frå institusjonar, som er i målgruppa for å få samlingar digitalisert av Nasjonalbiblioteket, hadde 31. mai og 1. juni sitt tredje møte sidan opprettinga. Rådet skal vere ein plass for diskusjon av spørsmål og problemstillingar som er relevante for dei aktuelle institusjonane og Nasjonalbiblioteket i arbeidet som skal utførast. Nasjonalbiblioteket ønsker dialog og tilbakemeldingar som kan bidra til gode prosessar og løysingar som gagnar både den enkelte institusjon og oppdraget som heilskap. Årets første møte var i Mo i Rana og ein fekk informasjon om kva som allereie er operativt og status på aktivitet.

Det operative består av lyd og foto, mens løypa for digitisering av video blir klar no i juni. Digitisering for film er det neste som skal utviklast. Sidan 2020 har NB inngått 81 avtalar om digitisering frå arkiv, bibliotek og museum i Noreg. I 2022 er det inngått 19 nye avtalar og fleire er til signering. NB digitiserer også store mengder arkiv for Arkivverket og for tida er det landssvikarkivet som har fullt fokus.

Mange har ønske om å besøke NB i Mo i Rana og dei kan melde seg på ABM-konferansen som er 28. og 29. september i år.

 

Tekst: Jan Aakvik, IKAMR

Datastyrt depot for arkiv, som ser ut som eit logistikksystem for post eller kasser. Foto: Jan Aakvik, IKAMR.
Datastyrt depot for arkiv. Foto: Jan Aakvik, IKAMR.
Inne i eit mørkt rom. På beggen bak er det ein dataskjerm med fotoredigeringsprogramvare, fremst er eit digitiseringsoppsett med avansert kamerautstyr på stativ som er vendt ned mot ei plate der materiale blir lagt for digitisering.
Digitisering av foto med avansert kamerateknologi. Foto: Jan Aakvik, IKAMR.
Ein lagerreol merka med bokstavar og siffer langsmed dei forskjellige hyllene, i kvar hylle er det fleire sortar maskiner for digitering av lyd og film. Det er også plastkasser og pappkasser ståande i hylle og på golv.
Eit utval av avspelingsmaskiner for å kunne digitisere lyd og film. Foto: Jan Aakvik, IKAMR.

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading