Besøk frå Tingvoll museum

Vi ser inn mellom to arkivreolar, som er fylde med arkivboksar, kasser, mapper, papir. Mellom dei sit ei kvinne med pen strikkagenser på kne med ei arkivboks open framfor seg, og held i ei arkivmappe. Ho smiler mot fotografen.

Marianne Nystad, avdelingsleiar Nordmøre museum, i magasinet ved IKAMR. Foto: Åsta Vadset, IKAMR

I går, 2. februar, hadde vi oppstartmøte for gjennomføring av arkivutviklingsprosjektet IKAMR og Tingvoll museum fekk midlar til frå Arkivverket i desember 2021.

Marianne Nystad, avdelingsleiar Nordmøre museum, tok turen frå Tingvoll til Ålesund for møte. Ho fekk også sett på materiale frå Tingvoll tekstilarbeiderforening, som ligg i samlinga til Arbeiderbevegelsens arkiv i Møre og Romsdal.

Arkivet etter Tingvoll Ullvarefabrikk, og resten av arkivet etter fagforeininga, skal til IKAMR for ordning og listeføring. Senter for digitalisering av kulturarven (Sedak) skal digitisere utvalde seriar, som skal tilgjengeleggjerast via digitalarkivet.

 

Tekst: Åsta Vadset

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading