Privatarkivkonferansen 2021

Bilde frå ein konferansesal med golvteppe i koksgrå/svartmelerte ruter. Til høgre i bildet er det eit podum, på podiumet står ein mann og snakkar. I resten av romet er det langbord med konferansedeltakarar.

Frå Privatarkivkonferansen 2021. Foto: Kjetil Landrog, Arkivforbundet

8. og 9. november vart det arrangert konferanse for privatarkivfeltet. Det var Arkivforbundet, i samarbeid med Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, Arkivverket, Norges museumsforbund og Oslo byarkiv som samarbeidde om arrangementet.

Om lag 120 deltakarar frå heile landet, dei fleste frå arkiv- og museumsinstitusjonar, deltok.

Første dag var temaet arkivpolitikk. På dag to stod erfaringsutveksling knytt til konkrete prosjekt på agendaen. I tillegg vart Arkivforbundet sitt 35-årsjubileum feira.

Ei lærerik og sosial samling vi har venta lenge på.

 

Tekst: Åsta Vadset

 

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading