Opprydding ved Norsk Sjømannsforbund region Midt sitt kontor i Ålesund

Eit rom med vindauge i bakgrunnen der lyset kjem inn og lyser opp kvit vegg. Langs veggen står det kasser og boksar av forskjellig slag. I framgrunnen står det 6 flyttekasser på golvet. Bak kassene står ein mann, med hendene i lommene og ser mot fotografen.

Arkivar Geir Magne Hollingen frå Norsk Sjømannsforbunds hovudkontor i Oslo. Foto: Åsta Vadset, IKAMR

I forbindelse med nedlegging av kontoret, skal arkivet deponerast hjå oss som ein del av samlinga til Arbeiderbevegelsens Arkiv i Møre og Romsdal.

29. og 30. september har arkivar Geir Magne Hollingen, frå Norsk Sjømannsforbunds hovedkontor i Oslo, rydda ut og pakka siste rest av arkiv. Privatarkivrådgjevar Åsta Vadset har bistått.

Frå før har IKAMR motteke 28 hyllemeter frå same arkivskapar. Ytterlegare 10 hyllemeter vert no overlete til forvaltning hjå oss.

Fagforbundet Norsk Sjømannsforbund (NSF) vart oppretta 25. september i 1910 under namnet Norsk Matros- og Fyrbøter-Union. Namnet vart endra til dagens namn i 1933.

Avdelinga i Ålesund vart oppretta i 1934. Forbundet organiserer utanriks- og cruiseflåten, ferjene, supplybåtane, fiskeriflåten og innenriksfarta.

Forbundet har ca 11 000 medlemmer. 9000 av desse er yrkesaktive.

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR

 

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading