Samarbeid om bevaring og tilgjengeleggjering av Stortingsmannsarkivet

Bilde frå ein bakgård i Ålesund, med høge murhus frå tidleg 1900-tal, overskya ver med litt sol over eit husmøne. Fremst i bildet står det tre stablar med brune flyttekasser, bak dei står det parkert ein liten kassebil, med bakdørene opne, kassene kom frå denne bilen. På sida av bilen, ein på kvar side, står det to menn som smilar til fotografen.

Niklas Vartdal Aam og Svein Håvar Vatne frå Høgskulen i Volda avleverte arkivet. Foto: Åsta Vadset, IKAMR

I 1984-1985 vart det i regi av Høgskulen i Volda samla inn arkivdokumentasjon frå stortingsrepresentantar og vararepresentantar frå Møre og Romsdal. No skal samlinga ordnast, registrerast, digitaliserast og gjerast tilgjengeleg.

Føremålet med prosjektet var å samle inn og registrere det som var tilgjengeleg av skriftleg kjeldemateriale frå det politiske livet i regionen, og som var i privat eige. Initiativtakar til prosjektet og ansvarleg leiar var Jostein Nerbøvik ved det som då heitte historielinja ved Møre og Romsdal Distriktshøgskule, Volda. Prosjektmedarbeidar var Eldar Høidal, som var i sivilteneste.

Materialet som vart samla inn omfattar hovedsakleg brev, føredrag eller andre manuskript, dagboknotat eller møtereferat. Elles aviser, stortingsprotokollar, skøyter, sirklulære og kvitteringar.

Dokumentasjon på til saman 40 stortingsrepresentantar ligg i samlinga.

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading