,

Besøk i Rauma kommune

Hyllereolar med arkivboksar og permar i mange fargar

Foto: Zane Aboltina, SEDAK

Sist veke var IKAMR på besøk til Rauma kommune for å ferdigstille eit tidlegare påbyrja digitaliseringsprosjekt for byggesak og landbruk.

Det er eit prosjekt med ganske mange seriar og detaljer og vi fekk sett oss ned og sett opp ein struktur som fungerer for attfinning for kommunen og som også er optimal for oss å kunne ordne, kategorisere og katalogisere.

I første omgang har vi vore og pakka ned 45 flyttekassar med vatn- og avløp, reguleringsplanar, vegar- og gater, oppmålingsmapper, renovasjon mm.

Prosjektarkivet som skal til skanning vil vi kome tilbake og hente seinare. Då vil det først bli ordna av oss ved IKAMR,  og deretter vil dei utvalde, ønska delane av desse bli skanna i digitaliseringsavdelinga vår.

Vi ser fram til fleire turar til Rauma kommune i åra framover.

 

Tekst: Torstein Skeide Olsen

Mann står mellom mange høge rekker med flyttekassar
Torstein Skeide Olsen frå IKAMR – Foto: Zane Aboltina, SEDAK
Smilande kvinne lener seg mot ein stor stabel flyttekassar
Zane Aboltina frå SEDAK – Foto: Torstein Skeide Olsen, IKAMR

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading