Ottar A. B. Anderson gir ei innføring i digitalisering av privatarkivet etter arkitektene Christian og Hans Backer Fürst. Foto: Piotr Cabaj / SEDAK .
5. og 6. juni vart det halde samling for fylkeskoordinerande institusjonar og nasjonale aktørar i privatarkivarbeidet. På programmet stod også besøk hos IKA Møre og Romsdal.
Det vart omvisning i nye ordningsavdelinga for arkivmateriale og deretter nye Digitaliseringsavdelinga med fokus på SEDAK, FylkesFOTOarkivet og Kulturdatabasar v/Kulturnett. 30 personar vart tatt godt imot og tilbakemeldingane frå dei besøkande har vore gode.
Deltakarane var også innom Jugendstilsenteret der dei fekk innføring i arkivet etter arkitektane Christian og Hans Backer Fürst. Ottar A.B. Anderson var til stades og viste fram digitaliserte arkitektteikningar og fortalte om samarbeidet ein har med Jugendstilsenteret for dette privatarkivet.





