-

Avleveringsveker i 2015
I 2014 starta IKAMR med faste veker for avlevering av arkivmateriale. Denne ordninga har fungert godt og vi vidarefører praksisen i 2015.
-

IKA arrangerer Arkivplanveke
Denne veka (veke 48) arrangerer IKA Arkivplanveke. Konseptet er at IKA sine tilsette skal dedikere veka til spørsmål og svar som kommunane måtte ha om arkivplan.
-

Vellukka Arkivdag 2014 ved IKAMR
«Arkivdagen 2014» ved IKAMR, med «Fotografiet 175 år» som hovudtema, vart eit vellukka arrangement sist laurdag. Skal vi tru dei som forsøkte å telje var det nesten like mange til stades som i fjor, dvs. minst 150 personar innom arrangementet i Kirkegata 10b.
-

IKAMR ønsker alle velkomne til Arkivdagen 2014!
Laurdag 8.november 2014 opnar IKAMR dørene for publikum i høve den nordiske Arkivdagen. Årets tema ved IKAMR er «Fotografi gjennom 175 år». Set av dagen til eit spanande program saman med oss! I år samarbeidar vi med Sunnmørsposten. Delar av programmet vil føregå i deira auditorium.
-

IKAMR søker ny dagleg leiar
Vil du bli vår nye daglege leiar? Sjå fullstendig utlysningstekst. Søknadsfrist 17.november.
-

Kurs i ordning, føring og avlevering for tilsette ved dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal
Onsdag 29.10.2014 arrangerte IKAMR og Fylkeskommunen kurs for tilsette ved dei vidaregåande skulane i fylket. Tema for kurset var ordning, føring og avlevering av papirarkiv.
-

Arnt Ola Fidjestøl takkar for seg ved IKAMR
Dagleg leiar ved IKAMR igjennom 15 år, Arnt Ola Fidjestøl, har takka ja til tilbodet om stillinga som ny fylkesarkivar ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Han startar i stillinga 1.januar 2015.
-

Grunnkurs i arkivplan.no
IKAMR, ved Arnt Ola Fidjestøl, held for tida grunnkurs for kommunane i arkivplan.no. Første kurs var 15.oktober i Ålesund. Dei to neste kursa er henhaldsvis i Molde 23.oktober og i Kristiansund 29.oktober.
-

Scanning av byggesaksarkivet i Herøy kommune
Herøy kommune ønskjer å gi eit best mogleg tilbod når det gjeld tilgong på informasjon til sine innbyggjarar. I den forbindelse skal utviklingsavdelinga igong med å digitalisere bygge- og delesaksarkivet. Konkurranse er lyst ut på Doffin.
-

Verdserklæringa om arkiv endeleg på norsk
I 2010 vedtok den internasjonale arkivorganisasjonen International Council on Archives (ICA) ein ”Universal Declaration on Archives” (UDA). Erklæringa er ein prinsipputtale om arkiv, og slår blant anna fast den viktige samfunnsrolla til arkiva. No er UDA omsett til norsk.