arkivdagen_2014_05.jpg
«Arkivdagen 2014» ved IKAMR, med «Fotografiet 175 år» som hovudtema, vart eit vellukka arrangement sist laurdag. Skal vi tru dei som forsøkte å telje var det nesten like mange til stades som i fjor, dvs. minst 150 personar innom arrangementet i Kirkegata 10b.
Programmet var stort. Det var fotoutstillingar og demonstrasjon av ulike kamera, og DIS-gjengen hadde ekstra dugnad. I Kirkegata 10b var Britt Walle Ekroll sitt foredrag om «Kvinnemoter i Ålesund i 1914» avgjort høydaren. Det var «stinn brakke» og tung luft i det lille møterommet i 3.etg., heilt frå opninga då fotoarkivaren hadde ein kursdemo i korleis ein søker i databasen. Det var romslegare og betre luft da det fotofaglege høgdepunktet vart presentert av historikar Roger Seemann Erlandsen i auditoriet i Sunnmørsposten seinare på ettermiddagen.









