,

Oppstartsseminar nettverk for digitale privatarkiv

Ser bakhovuda på rundt 20 personar som er samla i eit rom med storskjerm, seminar.

Både i offentleg og privat sektor vert arkiva no skapte digitalt. Bevaringsinstitusjonane som forvaltar private arkiv ønsker å langtidsbevare og tilgjengeleggjere desse.

For å styrke kompetanse, erfaringsdeling og samarbeid, vart det i Oslo denne veka arrangert eit oppstartsseminar for etableringen av eit nasjonalt fagnettverk for handtering av digitalt skapte privatarkiv.

Seminaret vart arrangert av Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, Arkiv i Nordland, KUBEN og Vestfoldarkivet som ein del av eit utviklingsprosjekt med støtte frå Nasjonalarkivet. Bevaringsinstitusjonar frå heile landet deltok. Frå IKAMR deltok Torbjørn Aasen, som er rådgivar digitalt arkiv.