Kristiansunds fattigkasserekneskap 1837-1885 klar for bruk på lesesalen

Før sommaren skreiv vi om at rekneskapsmateriale frå Kristiansund fattigkasse frå 1800-talet vart brukt til slektsforsking i Kristiansund. Materialet var pakka i originale arkivpakkar frå tidleg 1900-tal og hadde stått stort sett uopna i mange tiår. På grunn av den store verdien materialet har for lokalhistorisk forsking og slektsforsking i Kristiansund og på Nordmøre, har vi no i sommar prioritert å få det pakka ut og ordna slik at det kan nyttast på lesesalen vår. No er første del av dette arbeidet gjennomgått: 6 hyllemeter med ordna fattigkasserekneskap frå 1837–1885 klar for bruk.

Rekneskapsmaterialet

Rekneskapen består av over 80 arkivpakkar med rekneskap frå ulike kommunale organ. Hovudvekta av materialet er frå siste halvdel av 1800-talet, men det eldste dokumentet er frå 1792. Kvar pakke består av revidert rekneskap med bilag som er pakka i ulike store og små bunker og bundne saman med arkivknuten.

Omtrent halvparten av materialet består av fattigkasserekneskap, 28 pakkar.

Fordelinga av dei andre pakkane er slik:

  • Havnekasserekneskap: 14 pakkar
  • Almueskulen sin rekneskap: 11 pakkar
  • Andre skular og skulekasserekneskap: 7 pakkar
  • Borgarskulerekneskap (Den Bernstorfske stiftinga): 4 pakkar
  • Veikasserekneskap: 5 pakkar
  • Carl Johans legat sitt rekneskap: 4 pakkar
  • Ligningsvesenet og diverse rekneskap: 4 pakkar

Fattigkasserekneskapen

Den mest omfattande delen av rekneskapen, fattigkasserekneskapen, er no pakka ut og sortert for bruk på lesesalen. Materialet omfattar 6 hyllemeter og dekkjer perioden 1837-1879 og 1883/1885. Rekneskapen er ei unik historisk kjelde om livet i Kristiansund by på 1800-talet, med sitt detaljerte rekneskap over personar som fekk støtte frå fattigvesenet, over inntekter, drift, administrasjon og vedlikehald av fattigvesenet sine bygningar og verksemd. Bilaga inneheld ikkje berre kvitteringar på utbetalte eller mottekne pengar, men òg korrespondanse og innkomne brev som fortel mange små og store historier.

Oppbygginga av rekneskapen er i hovudsak den same gjennom heile perioden, men blir meir omfattande og detaljert i den siste halvdelen. For kvart år er det eit hovudrekneskapsark med oversikt over fattigkassa sine inntekter og utgifter for heile året. Både inntektene og utgiftene er førte opp i kategoriar med underkategoriar og lister. Bilaga er sorterte etter kategori og nummererte i samsvar med hovudrekneskapen, både inntektsbilag og utgiftsbilag, og det er ganske enkelt å finne rett bilag til kvar post. Frå 1850-åra og utover inneheld rekneskapen òg for kvart år detaljert innsendt rekneskap med eigne bilag frå dei lokale rodemeistrane i dei ulike fattigrodane (krinsane). Kristiansund var delt opp i seks fattigroder: Kirkelandets søndre rode, Kirkelandets nordre rode med fattighuset, Gomalandet, Innlandet, Vågen og Nordlandes rode.

Fattigvesenet sine utgifter og inntekter

Rekneskapen fortel oss mykje om korleis fattigvesenet var drive og kva slags historiske opplysningar vi kan finne i bilaga. I 1869 til dømes kom 20 prosent av inntektene til fattigkassa frå fattigskatten, 20 prosent frå brennevinsavgift og avgift på utskjenking av øl, vin og sider, og under 5 prosent av inntektene frå gåver, mulkter og bøter. Den største einskilde inntektsposten, over 40 prosent av inntektene, kom i form av refusjonar frå andre kommunar. Dette var pengar som fattigvesenet i Kristiansund fekk for forsørging av innbyggjarar frå andre kommunar som hadde opphold i byen. På utgiftssida er refusjonar til andre kommunar, det vil seie understøtting til Kristiansundarar i andre kommunar, vesentleg mindre. Dette viser at ein svært stor del av personane som finst i fattigkasserekneskapen kom frå andre kommunar på Nordmøre og andre plassar, og gir eit interessant bilete av korleis samansetjinga av befolkninga i Kristiansund har vore på denne tida.

Oversikt over inntekter og utgifter i fattigkasserekneskapen i Kristiansund, 1869

Utgiftene fortel oss at ein tredel gjekk til oppfostringspengar (bortsatte fattige) til dei som hadde folk i foster. Eins stor del, 10 prosent, gjekk til sykepleie, kjøp av medisiner og drift av sykehusa. Rodemeistrane sine «utteljingar» inneheld detaljert kvartalrekneskap med bilag for betalingar til fattige, enker og andre i dei ulike fattigkrinsane. Dette var vekentlege eller månadlege beløp som vart utbetalte direkte til dei trengende. Her har vi òg ei detaljert oversikt over drifta av fattighusa og sjukehusa, som òg kjem fram i vedlikehaldsrekneskapen og lønns- og administrasjonskostnadene.

Bilag og kvitteringar er arkivmateriale som sjeldan blir tekne vare på i offentlege arkiv. I dette arkivet har vi hundrevis av kvitteringar frå lokale bedrifter, forretningar, handverkarar, asyl og andre offentlege institusjonar som gir eit innblikk i livet i Kristiansund frå ei forsvunnen tid.

Finst det meir rekneskap frå fattigkassa?

Vi har hittil hatt ein teori om at fattigvesenets materiale frå 1800-talet overlevde brannkatastrofen i april 1940 fordi det vart oppbevart på kemnarkontoret eller på det gamle rådhuset ved Caroline plass. Dette fordi det er dokumentert at fattigarkiva på forsorgskontoret gjekk opp i flammar under bombinga. Vi veit frå ein arkivkatalog skriven i 1947 at rekneskapen som vi har i dag var oppbevart saman med anna kommunalt arkiv i «Rom 2» i eit bygg som sannsynlegvis var mellombels rådhus. Det gamle rådhuset på Caroline plass vart øydelagt under bombinga, og det nye rådhuset vart ikkje bygd før i 1953. Ifølgje arkivkatalogen var rekneskapen allereie på den tida pakka i dei arkivpakkane som seinare vart deponert til IKAMR tidleg på 2000-talet.

Det som er interessant med arkivkatalogen frå 1947 er at den òg viser at det fanst meir fattigkasserekneskap med bilag (og rekneskap frå andre kommunale organ). I katalogen er dokumentert over 80 pakkar med fattigkassarekneskap frå perioden 1886-1943. Dette er arkiv som vi no veit ikkje gjekk tapt i brannkatastrofen i april 1940 sidan det eksisterte etter krigen.

Vi har mykje arbeid å gjere med å studere historikken til arkivet og sjå kva som finst framleis av rekneskap frå 1800-talet og tidleg 1900-tal. No står det att å ordne dei andre pakkane med skule-, veg- og havnekasserekneskap som vi har på IKAMR, og sjå kva lokalhistoriske smakebitar som kjem derifrå.

Bilde og tekst: Andri Jonsson, IKAMR.

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading