Frå venstre: Andri Jónsson, Egil W. Hessen, Vilde Nes og Emil Stokkevåg. Foto: Kristiansund kommune
IKAMR har starta eit nytt ordningsprosjekt i samarbeid med Kristiansund kommune. Den første innhentinga av arkivmateriale etter tidlegare Frei kommune er no gjennomført.
Det er motteke om lag 167 hyllemeter arkivmateriale frå sentral sektor, kultur, skule, helse og teknisk sektor. Materialet er no plassert i IKAMR sine magasin, der det skal ordnast og registrerast.

Gjennom ordningsprosjektet skal arkivmaterialet bevarast og gjerast tilgjengeleg for framtidig forvaltning, innsyn, forsking og lokalhistorisk dokumentasjon.
Vi takkar Kristiansund kommune for godt samarbeid og ser fram til den vidare gjennomføringa av prosjektet.
Tekst: Egil W. Hessen, IKAMR


