,

Besøk av doktorgradsstipendiat i fargelære

Tre kvinner og to menn i eit black box studio står bak eit kvitt bord med arkivmateriale. Alle smiler mot kamera.

F.v.: Piotr Cabaj, Vibeke Solbakken Lunheim, Leah Humenuck, Ottar A.B Anderson og Anne Tømmerbakk. Foto: Piotr Cabaj, IKAMR

Leah Humenuck, doktorgradsstipendiat i fargelære ved Rochester Institute of Technology i USA, har besøkt IKA Møre og Romsdal som ein del av forskingsprosjektet sitt. Ho brukar materiale frå arkiva våre – mellom anna gamle dokument og historiske fotografi – i arbeidet med å utvikle nye metodar for å bevare og digitisere kulturarv.

IKA Møre og Romsdal har inngått eit samarbeid med Humenuck, som har bakgrunn som bok- og papirkonservator. I dag forskar ho på korleis lavterskel-teknologiar, som multispektral og spektral bildebehandling, kan brukast til å gjere skjøre og falma dokument lesbare igjen – og dermed tilgjengelege for både forskarar og allmenta.

Prosjektet har som mål å demokratisere tilgangen til avanserte bevaringsmetodar, slik at fleire institusjonar – uavhengig av storleik og ressursar – kan ta vare på og formidle kulturarv. Dette er spesielt viktig i ei tid prega av klimaendringar, konfliktar og reiserestriksjonar, som trugar både tilgangen til og bevaringa av historiske dokument og gjenstandar.

I arbeidet med doktorgraden sin brukar Leah kjelder frå Møre og Romsdal for å vise at desse teknologiane er effektive og tilgjengelege også for mindre arkivinstitusjonar. Ho har tidlegare besøkt oss, og kom no tilbake for å digitisere fleire kjelder frå depota våre. Ho har sett av to dagar til å arbeide med dokument frå samlingane våre – mellom anna portrettbilde, fargerike illustrasjonar og reklameblad.

Ved å trekke inn kjelder frå IKA Møre og Romsdal, set Humenuck og teamet hennar vårt lokale arkivmateriale inn i ein internasjonal samanheng. Dette løftar den faglege verdien av samlingane våre, og viser korleis samarbeid på tvers av grenser kan bidra til å bevare og formidle kulturarv på nye og framtidsretta måtar.

Vi ser fram til vidare samarbeid og resultatet av forskinga!

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading