Framside AKSESS desember 2023. Foto: Guro Flø, IKAMR
Ein dag i midten av januar 2022 vart IKAMR kontakta om funn av eit arkiv i ein vegg på damedo i gamle Løvenvold kino i Ålesund.
Saman med arkivarar frå Ålesund kommune tok vi turen til det gamle bygget for å vurdere bevaringsverdi av det som var funne.
Meir om funnet og kva vi lærte om gamle Løvenvold kino, kinogåing generelt og snopevanar i Ålesund i førre århundret, kan du lese artikkelen til rådgivar ved IKAMR, Vibeke Lunheim, i nyaste utgåva av Aksess (må ha abonnement for å lese den).




