Ottar A. B. Anderson. Arkivfoto: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR
Kollegaen vår, Ottar, som er leiar ved SEDAK, skal denne veka vere med på ei kunnskaps- og erfaringsutveksling om digitisering saman med representantar frå Arkivverket og Nasjonalbiblioteket.
Dei har blitt invitert av IKA Hordaland til å delta på eit webinar onsdag 11. oktober kl 10-12, med namnet «Arkivdigitalisering – det vi lurer på».
Les meir om webinaret her: https://ikah.no/webinar-arkivdigitalisering-det-vi-lurer-paa.6621299-532482.html
Det er mogleg å melde seg på webinaret ved å sende e-post til post@ikah.no.



