Nedpakkingstur til Rauma

Det står ein rekke stablar med flyttekasser i eit rom, tre menn smiler mot kamera medan dei lener seg mot kassene.

IKAMR ved f.v. Daniel Thorvik, Egil Woldseth Hessen og Torstein Skeide Olsen. Foto: Tove Nypan, IKAMR

IKA Møre og Romsdal tok 11.-13. oktober turen til Rauma kommune for å pakke ned resten av arkiva frå dei fem tidlegare kommunane Veøy, Grytten, Hen, Voll og Eid.

Fram til no har Rauma vore den eigarkommunen hos oss som har hatt mest arkiv frå tida før 1964 att i kommunen, men etter nokre gode økter i Raumahallen og gjennom alle romma med arkiv i rådhuskjellaren, har vi no pakka ned omlag 50 hyllemeter med arkivmateriale supplerer det allereie deponerte materialet frå denne perioden. Dette gjer det mogleg å ferdigstille arkiva som allereie står hos oss. Dette er en del av depotreformen hos oss, og også i Rauma sitt tilfelle, ein del av ordningsprosjektet vi har gåande for dei.

Arkiva består stort sett av likningsprotokollar, kassadagbøker og liknande innanfor økonomi. Kommunekassa er gjennomgåande den arkivskaperen det er mest frå på denne turen, men det er også litt skulemateriell, bygningsråd og diverse mindre nemnder frå forskjellige sektorar. Av nyare arkiv har vi også pakka alle stemmestyre, legat og valstyre frå nye Rauma kommune etter 1964.

Tidlegare har kommunen også drive med ordning sjølv, men etter at dette stoppa opp har det blitt liggande att mykje ordningsmateriell som er fullstendig brukbart. Vi har fått med oss 6500 mappeomslag som kjem i fråtrekk på materiellkostnadene for ordningsprosjektet. Miljøsparande og kostnadseffektivt!

Vi takkar for nok ein fin tur til Åndalsnes og på gjensyn til neste gong.

 

Tekst: Torstein Skeide Olsen, IKAMR

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading