Ferdigstilt ordningsprosjekt for Ulstein kommune

Bilde inn i ein arkivreol av mange gamle protokollar i hyller

Foto: Zane Aboltina, SEDAK/IKAMR

Hausten 2021 henta vi inn 56 hyllemeter arkiv for ordningsprosjekt frå Ulstein kommune. Arkiva er no ferdigordna og publiserte på Arkivportalen.

Dette ordningsprosjektet inneheldt formannskap/kommunestyre/sentraladministrasjon, sentrale organ som valstyre, stemmestyre, eldreråd, samt diverse utval og nemnder. Fleire av desse arkiva vart samordna med arkiv som allereie var deponert til oss tidlegare, som no har gjort arkiva komplette.

På Arkivportalen kan du no sjå kva arkiv Ulstein kommune eig, som er deponert til oss (minus personsensitivt materiale). Personalarkivet (serie P) med ID K-15160.150 står framleis hos Ulstein kommune på rådhuset, fram til kommunen ønsker å avlevere det.

I tillegg er Ulstein kommune den første kommunen vi har ståande hos oss i magasina, der alt arkiv frå formannskapet og kommunestyret frå oppstart av kommunen i 1837 til den går fulldigital i 2014 er ordna og mapperegistrert. Dette er vi veldig stolte av å endeleg ha fått gjort, og håper å kunne få til det same for fleire kommunar i tida framover.

 

Tekst: Torstein Skeide Olsen, IKAMR

Ser inn i ein arkivreol fylt med grå arkivboksar med kvite etikettar
Foto: Zane Aboltina, SEDAK/IKAMR

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading