Nedpakking av arkiv frå gamle Norddal og Stordal

Eit lang smalt rom med reolar og låg takhøgde, tre personar står bakarst og smiler til fotografen

Frå venstre Torstein Skeide Olsen – IKAMR, Siv Krokfoss – Fjord kommune og Emil Stokkevåg – IKAMR. Foto: Egil Woldseth Hessen – IKAMR

IKAMR tok sist veke turen til Fjord kommune for å starte nedpakkinga av ein avtale inngått august 2021 om ordning og deponering av papirarkiv frå dei tidlegare kommunane Norddal og Stordal. Avtalen rommar omlag 365 hyllemeter totalt.

21. september vart det tur til Eidsdal skule, her vart det pakka ned 13,6 hyllemeter frå skulen, samt litt restar frå eldre og nedlagde skular som hadde materialet sitt liggande der, Rønneberg skule blant anna. Dette materialet er avtalt levert til oss i Ålesund 7. oktober.

22. og 23. september var vi og pakka ned det aller meste av det som står att av papirarkiv i tidlegare Stordal kommune. Vi har pakka ned oppvekst og kultur, skulekontoret, skulestyret, teknisk etat: protokollar, saksarkiv, prosjektarkiv, husnemnd, legekontoret: mors og pasientjournalar, Stordal skule og tidlegare Vinje skule. I tillegg til Overformynderiet, helse og sosial klientarkiv, NAV Stordal klientarkiv m.m. Pakkinga frå tidlegare Stordal kommune omfattar omlag 100 hyllemeter. Det vart også funne ein del materiale frå skatt og skule frå 1860-talet.

Tekst: Torstein Skeide Olsen, IKAMR

Discover more from ikamr

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading