Frå venstre: Egil Woldseth Hessen, Andri Jónsson og Torstein Skeide Olsen, alle IKAMR
IKAMR tok 6. september 2022 turen til Smøla for oppstart av ordningsprosjekt som blei inngått i 2021, som følge av Smøla kommune sitt tilsyn frå arkivverket i 2020.
I denne pakketuren blei det lagt vekt på sentrale organ som formannskap, kommunestyre, sentraladministrasjonen, eldrerådet, administrasjonsutvalet, arbeidsmiljøutvalet, valstyret m.m.
I tillegg blei allereie ferdig digitiserte byggesaksarkiv og målebrev frå teknisk pakka ned. Deretter alt anna ikkje-skanna materiale frå teknisk etat som møtebøker, saksarkiv, journalar m.m. og store mengder prosjektarkiv. I tillegg til landbruk, jordstyre og andre tekniske arkiv.
Totalt tar IKAMR no imot omlag 140 meter av dei 233 metrane inngått i ordningsoppdraget. Vi håper å starte opp arbeidet så fort som mogleg.
Vi takkar Smøla kommune for fint vertskap, flotte naturopplevingar utanom arbeidstid og på gjensyn til neste tur.
Tekst: Torstein Skeide Olsen, IKAMR



